25–30 nye omsorgsbustader. Kvadratmeterpris: 30.000 kroner. Prosjektet vil vere sjølvfinansierande ved at bebuarar betaler «gjengs husleige». Og det kan stå klart neste år, skriv rådmannen.

Formannskapet behandlar tysdag kjøp av Amtmann Kroghs gate 5, Hotel Nobel, som kan bli bygd om til 25–30 omsorgsbustader.

Hotellet har 49 rom, kjøken og diverse areal fordelt på fire etasjar, med til saman nær 2.500 kvadrat bruttoareal. Restaurant Amalie i underetasjen har eigen leigeavtale fram til 2020.

– Godt eigna

– Bygningen er godt eigna til ombygging for mindre leilegheiter og bufellesskap, dette er allereie prosjektert for dei tre øvste etasjane, skriv rådmann Arne Sverre Dahl.

Også i første etasje er det muleg med omsorgsbustader i bufellesskap.Dei ferdige omsorgsbustadane i bygget vil gå inn i Molde Eiendom KF sin portefølje.

Lån

Av sakspapira går det fram at eigarane av hotellet tok kontakt med kommunen i november, og at ein etter taksering og forhandlingar kom fram til kjøpesummen på 24,5 millionar kroner. Kommunen legg til grunn ombyggingskostnad på 20.000 kroner per kvadratmeter, og kostnad per ferdig buareal vil da bli om lag 30.000 kroner kvadratmeter. Samla investering vert 54 millionar kroner.

Kjøp er tenkt lånefinansiert, og av kontrakten går det fram at overtaking er aktuelt frå 1. mars.

Husbanken

Ved endeleg godkjenning som omsorgsbustad, vil Husbanken yte tilskot på 24,3 millionar kroner.

Rådmannen gir tre grunnar når han tilrår politikarane å gå inn for prosjektet: Kommunen har behov for omsorgsbustader med heildøgns bemanning, prosjektet kan settast i gang straks og kan vere klar neste år, og prisen er gunstig.

Han opplyser at omsorgsbustadane vil vere sjølvfinansierande, sidan bebuarane skal betale husleige og driftskostnader etter «gjengs husleige»-prinsippet.

«Gjengs leige»

Åsmund Vestad, dagleg leiar for Molde Eiendom KF, opplyser at «gjengs leige»-modellen for tida er under revisjon, men inneber at kommunale bustader er prisa på nivå med privat utleigde bustader.

– Leiga er basert på kvadratmeter, og altså avhengig av storleik. Dessutan kor sentrumsnær bustaden er, kva standard den har, og eventuelt andre omsyn, seier Vestad.

Variablar

Han vil ikkje uttale seg om eventuelle leigeprisar i Amtmann Kroghs gate 5, men opplyser at ein sentrumsnær omsorgsbustad på 40 kvadratmeter typisk har husleige på 6.500 kroner. I tillegg kjem kostnader med straum, TV, internett, brøyting, renovasjon og parkering – ofte meir enn 1.000 kroner per månad.

Sentrumsnært er definert som mellom Kvam og Kviltorp.Vestad poengterer at tendensen er auka interesse for mindre bustader, på grunn av høgare utbyggingskostnader ut frå mellom anna nye energikrav.