Torsdag signerer Møre og Romsdal fylkeskommune og totalentreprenør Betonmast Røsand AS kontrakt om prestisjebygget Nye Romsdal videregående skole. I følgje Bygg- og vedlikehaldssjef Per Olaf Brækkan vert dette det største enkeltprosjektet i nyare tid for fylkeskommunen, og ikkje minst eit kjempeløft for yrkesfagutdanninga i regionen.

- Vi meiner løysingane som er valde for sjølve bygginga er tilfredsstillande, og kostnadene for nybygget er akseptable, siere Brækkan.

Forskaling i februar

Grunnarbeidet på tomta er straks ferdig. Grunnentreprenør er Romsdal Anlegg AS. No tek totalentreprenør Betonmast Røsand AS over. Dei planlegg å starte forskalingsarbeidet i midten av februar.

Dei er no i god gang med oppføring av riggområdet, som skal vere hovudbasen for arbeidet dei neste to åra.

- Dette er eit stort og viktig prosjekt for oss, og vi gler oss til å ta fatt på oppgåva, seier Eskild Røsand, dagleg leiar i Betonmast Røsand AS. Samspelsfasen har vist at partane jobbar godt saman, og vi ser fram mot det vidare arbeidet med prosjektet.

Landets største bygg i massivtre

Nye Romsdal vgs blir det hittil største bygget oppført i massivtre i Noreg. Woodcon AS fekk kontrakta for leveranse av byggematerialet, og sjølve montasjearbeidet vil gå føre seg i løpet av nokre hektiske sommarmånader i 2016. Elementa av massivtre skal då løftast på plass med kran, og monterast etter kvart som dei kjem med lastebil frå Østerrike.

Råbygget oppe i desember

Sjølve råbygget skal vere oppe innan desember 2016, og nybygget er forventa ferdigstilt frå totalentreprenør i desember 2017. Etter ein periode med innkøyring av bygget og montasje av inventar og utstyr, reknar ein med at elevar og tilsette kan ta i bruk nybygget til skolestart, i august 2018.

Ordinær skoledrift i byggeperioden

Skolen skal vere i full drift gjennom heile byggeperioden. For å få til dette er det sett opp fleire midlertidige modulbygg både i Langmyrvegen og på Bergmo. Desse erstattar dei tre bygga som måtte rivast for å frigjere tomta.

- For å ta i vare det gode skolemiljøet, har vi med stor suksess nytta den gamle byggfaghallen til å etablere midlertidig kantine og bibliotek, seier rektor Ivar Rød.

Han meiner at drifta av skolen har vore nesten uproblematisk så langt i byggeprosjektet, og at skolen ikkje har opplevd belastningar som har vore større enn forventa i eit så stort prosjekt. Han rosar samarbeidet med byggherre (fylkeskommunen) og entreprenørane.

- Vi reknar med at den største utfordringa vert å få nok parkering for tilsette og elevar i byggeperioden, seier rektor. - Men dette har vi visst i fleire år no, og må berre stålsette oss på å finne alternative løysingar fram til nyskolen står ferdig.

Nye Romsdal vgs er fylkeskommunens største enkeltprosjekt i nyare tid. Foto: HUS Arkitekter