- Dette har teke heilt av! Eg hadde aldri trudd at det skulle bli såpass til respons, seier korpsleiar for Frelsesarmeen, Tommy M. Høgset til Rbnett.

Isfjordingen er stasjonert i Måløy i Sogn og Fjordane, og kom opp med dansestuntet for å få litt blest rundt årets julegryte.

Respons

Sidan har Facebook-videoen med Gangnam Style rundt julegryta blitt flittig delt, fredag føremiddag var den delt 75.000 gonger.

At folk har likt grytedansen, viser også igjen både på interesse for å stå grytevakt, og med tanke på givarglede, fortel korpsleiaren.

- Folk kjem og legg oppi, og seier at dei får vel betale for underhaldninga, seier Høgset og humrar.

Improviserte

Han fortel at danseopptrinnet kom til på rein impuls - og var svært improvisert.

- Eg vakna ein morgon og berre kom på at litt dans kanskje kunne hjelpe på interessa for å stå ved julegryta vår.

Frå New York finst det jo videoar av frelsesarmesoldatar som dansar ved gryta, så korfor ikkje prøve det same her, seier Høgset.

Skal vi danse

Ein del hugsar gjerne Høgset frå "Skal vi danse" på Åndalsnes i 2009, men han avviser at dette er noko han driv med.

- Neinei, eg dansar ikkje, det var berre den gongen, verken før eller sidan. Før no, da, seier Høgset.

Travel førjulstid

Korpsleiar Høgset har no før jul  ei travel tid med å organisere alt rundt julegryta, og å ordne med matutdeling.

- Dessverre er det stort behov for hjelp, så det er berre å stå på, seier Høgset.

Også i Molde

I Molde vart Frelsesarmeens julegryte sett ut på ”Hjørnet på Fellesbanken” i går, medan gryta på Roseby kjem på plass laurdag 5.desember.

-  Pengane som kjem inn går til det sosiale arbeidet  i distriktet, særleg til Varmestua. Det er eit tiltak for rusmisbrukere som er open to dagar i veka heile året, opplyser korpsleiar i Molde, Brith-Mari Heggelund.