Politiet fekk klokka 03.40 tysdag morgon melding om ein semitrailer hadde køyrt av vegen på E136 mellom Måndalen og Høgda i Rauma kommune.

Nødetatene rykka ut, og sjåføren vart køyrt til legevakt for sjekk.

Bilen ligg utanfor vegen og er ikkje til hinder for trafikken, opplyser politiet.

- Bilen var lasta med frukt og grønnsaker. Bilbergingsmannskap begynte ved 06-tida å tømme bilen for last, opplyser operasjonsleiar Siri Engdahl ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Vitne på staden fortel at hengaren fekk store skadar, og frukt låg strødd utover markane saman med rundballar som vogntoget hadde drege med seg. Mannskap fra Straumen Bilberging vil først handplukke og tømme lasta for frukt, før vogntoget blir fjerna.

I samband med dette kan det bli nødvendig å stenge vegen, opplyser Engdahl.