Med julegraut og mandel, pepperkaker og masse morosame aktivitetar la avgangselevane ved Gossen barne- og ungdomsskole lista høgt for dei komande førjulsvekene. Eit par hundre små og store gossingar hadde funne vegen til Soltun søndag ettermiddag, og stemninga var høg under årets nissefest. Her blei dei små forvandla til nissebarn med raude kinn og fregner, og sannelig kom ikkje nissen på besøk også.

Oppfordra til inkludering

Rett etter nissefesten gjekk turen til Tusenårsplassen ved kommunehuset på Falkhytten, der den første julegrana blei tent. Nestleiar i Livsløpsutvalet i Aukra kommune, Katrine Rindarøy, oppfordra dei frammøtte til å inkludere dei som ikkje hadde familien sin i nærleiken i juleførebuingane, og lage julestemning i lag.

– Ta med ingrediensar, inviter til julekakebaking og la ingen site åleine, oppmoda ho.

Fakkeltog

Og med blafrande faklar i ein krystallklar novemberkveld gjekk turen vidare til Aukraheimen og neste julegrantenning. Der vart det gang rundt juletreet, nok ein gong til vakkert tonefølgje frå Gossen Musikkorps og Gossen skolekorps. Dermed fekk også dei eldste gossingane starta ventetida fram mot jul.