Innstrammingane kjem i kjølvatnet av tertialrapporten, som avdekker eit stipulert meirforbruk på drift på nesten ein million kroner. Budsjettkorrigering vert gjort med meir bruk av disposisjonsfondet.

– Dette fører til at disposisjonsfondet vil vere tomt ved slutten av året, skriv rådmann Liv Husby i tertialrapporten.

Svikt i inntekt

I sak til formannskapet i Nesset opplyser rådmann Husby at fleire inntektskjelder har svikta, som sal av konsesjonskraft, utbytte og eigedomsskatt.

–Prognosen viser inntektssvikt på 4,5 millionar kroner. Sal av konsesjonskraft har no ein prognose på i underkant av 4 millionar kroner, altså 2,5 millionar kroner mindre enn budsjettert. Vidare viser det seg at utbytte frå Nesset kraft as vil bety ein inntektssvikt på 1,9 millionar kroner i høve til rapporteringa 30. april. I tillegg kjem svikt på 0,152 millionar kroner på renter av ansvarleg lån.

Stopptiltak

Rådmannen håper at resultatet blir noko betre enn prognosen, men poengterer at det no er viktig å unngå meirforbruk som kan vere vanskeleg å hente inn. Det blir sett i verk innkjøpsstopp og tilsettingsstopp. Husby presiserer at innkjøp som ikkje går ut over dagleg drift må utsettast, og ledige stillingar må haldast vakante så lenge som muleg.

- Urovekkande

Rådmannen poengterer at klagebehandlinga for eigedomsskatt ikkje er ferdig, og at det er sannsynleg at behandlinga vil medføre auka kostnader, samt reduserte inntekter.

– Det er urovekkande at kommunen må bruke av reservar / disposisjonsfond for å komme i balanse i 2015, det vil bety mindre handlingsrom seinare år, skriv Husby.

Ho ønskjer å unngå eit rekneskapsmessig meirforbruk så sant råd er, og viser til ROBEK («Register om betinget godkjenning og kontroll»).

– Vi ser frå kommunar rundt oss at det ikkje skal mykje til for å hamne på ROBEK-lista, skriv rådmannen.