Vi i KrF meiner at det er uhaldbart at det berre er gjeve 1årskontrakt til Tøndergård sitt VGS-tilbod. Vi tek elevane som ynskjer å gå på Tøndergård VGS på alvor.

I fjor, 9. Februar 2017, fremja KrF i Utdanningsutvalet eit forslag om at samarbeidet med Tøndergård sitt VGS-tilbod i fylket skulle fortsetje. Vi registrerte med glede at fleire i Utdanningsutvalet stilte seg som medforslagsstillarar den gongen, og at sjølve vedtaket vart samrøystes i Utdanningsutvalet. Dessverre ser vi at vedtaket ikkje har blitt tilfredsstillande fylgt opp då det vart teikna 1årskontrakt, mot tidlegare 5årskontrakt.

Tøndergård skule vert opplevd som eit viktig tilbod til elevar med særskilt behov for tilrettelegging, både på grunnskulenivå og i vidaregåande opplæring. Mange foreldre med psykisk og fysisk utviklingshemma born ser på Tøndergård som det einaste reelle alternativet for å sikre borna et fullverdig skuletilbod, der dei òg får ivareteke sitt behov for eit trygt psykososial læringsmiljø og utvikling av venskap og sosiale nettverk. Desse elevane tek vi i KrF på alvor.

Vi i KrF vil gje elevane, familiane og skulen ei god og forutsigbar framtid. Elevane som går på Tøndergård skal ha lik rett til fritt skuleval som alle andre elevane i M&R.

KrF har sendt inn grunngjeve spørsmål til leiaren i Utdanningsutvalet, og ser med spenning på kva svaret blir i møtet torsdag 22. mars 2018.

Vi spør: «Med bakgrunn i det samrøystes vedtaket ifrå Utdanningsutvalet [9.02.2017], kvifor har det blitt gjeve 1årskontrakt til Tøndergård, i staden for tidlegare 5årskontrakt? Har utdanningsavdelinga ikkje tenkt å følgje opp det politiske vedtaket med å tilby denne elevgruppa eit reelt val til å studere VGS ved Tøndergård? Kva vil utdanningsutvalsleiaren gjere for å følgje opp komande kontraktar med Tøndergård?»

KrF lovar å fortsetje kampen for at alle elevar skal få den tilrettelegginga og spesialundervisninga dei har rett på i tillegg til eit godt psykososialt miljø. Vi tek elevane, foreldra, familiane, samt skulen på alvor når vi seier at Tøndergård skule framleis skal ha eit VGS-tilbod til elevane i fylket dette er aktuelt for. Det er då Opplæringslovas paragraf 9a som seier at «Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring» blir oppfylt.

Med beste helsing

Victoria SmenesUtdanningsutvalsmedlem for M&R KrFFylkestingsmedlem for M&R KrF

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook

Victoria Smenes er med i Utdanningsutvalet og Fylkestinget for Krf Møre og Romsdal. Foto: Benjamin Zocholl