Dette med tilhøyring / identitet er så viktig for folket på Ona / Sandøy / Orta at det såkalla fleirtalet her ser mørkt på å forhalde seg til øyane sørover. Dei vil vere romsdalingar heitest det. Men ingen kommuneregulering kan då hindre nokon i å få vere seg sjølv, vere slik som ligg i ein heilt frå barndom og oppvekst. Ein skal vel ikkje plutseleg endre identitet sjølv om kommunen ein bur i endrar struktur?

Personleg har eg, som sunnmøring, budd i Sandøy kommune snart femti år, og eg har det kjekt i lag med folk frå ulike landsdelar og nasjonar. Sjølv om Finnøy og Harøy går sørover, vil det fortsatt bu mange romsdalingar også på desse øyane, og romsdalingar bur då også både i Haram, Skodje, Ørskog og Ålesund tilliks med trøndarar, nordlendingar osv. Sjølv om det gjerne er flest romsdalingar i Aukra kommune, er det sunnmøringar der også.

Det viktigaste er vel at ein får lett tilgang til dei tenestene ein har behov for, og rådhusfunksjonar vil fortsatt ligge på Steinshamn, på «Sandøytunet».

Håper vi kan halde fram med å bruke dette namnet !

Jorunn Skjelten