Dagens angvikingar er tydelegvis ikkje mykje verdt. Prisgitt ein familie og utan omtanke for andre enn seg sjølv. Eg har aldri møtt deg, Per Gimnes, men eg er altså ein av desse angvikingane. Og eg kjenner alle dei andre, noko eg har mine tvil om at du gjer. Eg kjenner og ganske så mange av dei som bor i Flemma, på Heggem og Fagerlia, så dette er nok om dei også. Dette er folk som står opp om morgonen, leverer ungane i barnehage/skule, fer på arbeid, steller heime, deltek på fritidsaktiviter, stiller på dugnad, handlar på nærbutikken, sitt i kommunestyret, er enige om mangt, uenige om noko, er glade, trivelege, omtenksame, oppegåande og intelligente menneske. Meir enn kapable til og sjølv resonnere seg fram til kva dei skal meine om det meste.

Mange har og skapt sine eigne arbeidsplassar! Og dei formerer seg. Kanskje den aller viktigaste handlinga for å bevare bygdene våre! Ikkje berre innavl heller, så her bor det folk frå mange kantar av landet. Ja, til og med frå andre land! Så det kan nok hende at lokalhistorie og kjensler for området ikkje er heilt oppdatert for alle.

Vi sluttar ikkje å væra den vi er fordi om vi flyttar, eller kommunegrenser flyttar... Men når du, Per Gimnes, påstår at dagens angvikingar omtrent pissar på forfedrene sine og ikkje har peiling på kva dei har bedreve, da må eg seie at det er så lavmål at eg slit med å forhalde meg til noko av det du skriv. At fordi eg er uenig med deg i denne saka, så har altså eg gløymt kven, og kvar, eg kjem frå? UTRULEG!

Personleg har eg aldri forstått meg på dette med bygdestrid/kommunestrid/fogderistrid. Det er ikkje kvar folk kjem frå som avgjer om du trivst ilag med dei. Det er heller ikkje kva dei måtte meine om ei sak. Eg kjem ikkje til å bli sint på nokon, uansett utfall i denne saka. Og dagane på bygdene våre blir nok heller ikkje særleg endra.

Ungane og arbeidsplassane må vi nok skape sjølve, om no rådhuset ligg her eller der. Sjølv er eg rimeleg engasjert i det som skjer, både lokalt og ute i verda. Det har vore mykje lesing og grubling for å komme fram til mi eiga meining i denne saka. Det som til slutt tippa vekta for meg, var rådkvinnas klare anbefaling om å gå mot Molde. Om nokon er oppdatert på stoda, må det vel være ho, tenkte eg. Og, så vidt eg veit, er ikkje ho angviking, og burde derfor være ganske så objektiv i sin tale. Dette betyr sjølvsagt IKKJE at eg mislikar folk frå andre bygder/byar! Heller ikkje at eg manglar respekt for alle som stiller opp for lokaldemokratiet og sitt i kommunestyret. All ære til dei. Uenighet i sak, Per Gimnes. Ikkje nedsabling.

Jan Ketil Duaas

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook