LESERINNLEGG

Alt heng saman med alt

Leserinnlegg

Ordstyrar for folkemøtet i Flemma 11. januar ville ikkje høyre snakk om giftdeponisaka i samanheng med søknaden om grensejustering i indre Gjemnes. Kanskje fordi det har med lokaldemokrati å gjere – ein akilleshæl i kommunereformen.

For det er eit demokratisk ideal at folk skal få bestemme mest mogeleg der dei bur. Mindre einingar gjer det enklare å tilpasse den offentlege politikken og dei pålagde tenestene best mogeleg etter ønska og behova til innbyggarane som bur akkurat der.

Bygdelagsleiar Terje Angvik seier at hovedargumentet deira er at Molde er indre Gjemnes sin «kvardagsregion». Visst handlar vi på Molde, brukar kulturtilbodet der, betaler husleige for ungdommane våre som går på skule der, og vi bidreg til at utdanningsinstitusjonane der kan driftast, gje arbeidsplassar og halde fram med å få overføringar frå sentralt hald. Ja, vi er rett og slett ein kronressurs for Molde. Men den såkalla kvardagsregionen vår er ikkje på Molde – han er her heime. Det er her vi brukar mesteparten av tida vår, det er her vi bur.

Det er difor eit paradoks at Angvik bygdelag nemner lokaldemokrati som ein av grunnane til at dei søkjer seg til broilerkommunen Nye Molde. Asymmetrien i maktforholdet er slåande, og by-/land-problematikken blir sentral. Når majoriteten i administrasjonseininga bur i Molde by, kven skal da sørge for at interessene til fire ørsmå bygder sørafor Tingvollfjorden blir ivaretekne?

Giftdeponiet er eit skulebokeksempel i så måte. Dette er den viktigaste saka vi har hatt i regionen på ein mannsalder. Lokalt er det stor motstand mot deponiplanene på Raudsand, men moldeordføraren har vore ordknapp, og stadige forsøk på å få Molde med på laget mot deponi har vist seg fånyttes.

Så korleis kan det ha seg, at 12-punktslista til Angvik bygdelag ikkje inneheld eitt einaste ord om giftdeponiet, men kun dreier seg om kortsiktigheiter?

Ein forstår at Gjemnes kommune på sikt er dødsdømd med dei rammevilkåra ein får frå sentralt hald. Difor er det svært viktig at vi ser framover, held hovudet kaldt og finn ut kva den beste løysinga for oss er. Og det må da vere klokt å brukt tid på rekognosering og samtalar med fleire kommunar, før ein set i gang heile kostebinderiet.

Eg håpar dei som skal svare på innbyggarundersøkinga over telefon i dei kommande vekene kan ta eit femminutt og tenkje på kva dei ønskjer for bygda si i framtida. Angvik bygdelag har hatt hastverk – slik treng det ikkje å vere. Lat oss heller saman setje oss ned saman og finne ut korleis vi på best mogeleg måte kan sikre sjølvråderett på heimstaden vår.

Ragnhild Aspås

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook