Etter inndelingslova kan ein innbyggar eller eit bygdelag søke om at det skal setjast i gong utgreiing av ei grensejustering, der dagens kommunegrenser blir opplevd som uhensiktsmessige. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bedt meg om å utgreie og gi mi tilråding til følgjande søknader om grensejustering: indre Gjemnes til nye Molde kommune og øyane Sandøy, Ona/Husøy, Orten, Lyngværet, Gåsøya og Seterøya til Aukra kommune.

Innbyggarhøyring

I neste veke startar innbyggarhøyringa i bygdene i indre Gjemnes og på øyane i Sandøy. Innbyggarhøyringa blir gjennomført som ei telefonundersøking for innbyggarar over 16 år.

Spørsmålet som blir stilt til innbyggarane i indre Gjemnes er:

Kva kommune meiner du bygdene i indre Gjemnes skal høyre til i framtida?

• Bli i Gjemnes kommune

• Overflytting til nye Molde kommune

• Veit ikkje

Spørsmålet som blir stilt til innbyggarane på øyane i Sandøy er:

Kva kommune meiner du Sandøy, Ona/Husøy og Orten skal høyre til i framtida?

• Bli i Sandøy kommune (nye Ålesund kommune)

• Overflytting til Aukra kommune

• Veit ikkje

Når resultatet frå innbyggarhøyringa er klart i veke 6, vil kommunestyra i dei involverte kommunane få oversendt saka på høyring for uttale.

Kommunestyra skal gi sin uttale til Fylkesmannen innan veke 9. Tilrådingane blir presentert på pressekonferanse siste veka før påske.

For meg er det viktig at alle relevante opplysningar kjem fram, til dømes folketal, areal, geografi, kommunikasjonstilhøve, pendling, bu- og arbeidsmarknad, utbyggingsmønster og det kommunale tenestetilbodet. Fylkesmannen har derfor samla inn relevante fakta om bygdene i indre Gjemnes og øyane i Sandøy frå mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune og dei involverte kommunane.

Innsamla fakta og informasjon om grensejusteringane er tilgjengeleg på Fylkesmannen og kommunane sine heimesider og eg oppfordrar alle interesserte til å setje seg inn i desse opplysningane.

Med helsing

Fylkesmann Lodve Solholm

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook

Fylkesmann Lodve Solholm