LESERINNLEGG

Ferjefri E39, kva er det?

Alternativ: Møreaksen fra Vik til Digernes. – Svaret er klokkeklart K2 over Ørskogfjellet, mener Frank Sve.Foto: Kart: Statens vegvesen

Frank Sve er , mangeårig samferdselspolitikar i Møre og Romsdal.

Leserinnlegg

For mange år sidan kom saka og ideen opp i Vestlandsrådet om ein ferjefri E-39 frå Stavanger til Trondheim. Saka kom faktisk opp gjennom ein ide frå Iver Nordset  på ein konferanse i Kristiansund.

Vestlandsrådet er eit samarbeidsorgan mellom fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, der fylkesordførarane skiftar på leiarskapet og fire andre sentrale politikara frå kvart av fylka er medlem.

Eg har vore medlem i Vestlandsrådet dei tre siste periodane, også når saka om ferjefri E-39 vart teke fatt i og vedteke i rådet, fylkeskommunane og seinare også av fleire regjeringar.

Heile ideen bak ferjefri E-39, var å fjerne fjordane som flaskehalser på grunn av utfordringane ferjene og fjordane gjev folk flest og næringslivet. Ein mengde utgreiingar har vore lansert der kost nytten av å bygge fjordkryssingane med å fjerne ferjene på sambanda  langs E-39 har komet fram.


Vegvesenet vil droppe Ørskogfjellet - velger E39-trasé til halv pris

Vil legge E39 i tunnel fra Solnørdalen forbi Svartløkvatnet, veg i dagen i Tomrefjord, og fram til Vik i Vestnes.


I Møre og Romsdal vart tre fjordar utgreia, Storfjorden/Sulafjorden,  Moldefjorden og Halsafjorden. Dagens samferdselminister valgte  fjordkryssingane  HAFAST, MØREAKSEN og HALSAFJORDKRYSSINGA.

Under heile denne prosessen som gjekk over fleire valperiodar, var det fjordkryssingane som hadde fokus, med nødvendige vegarmar for å kople dette til E-39 på land.

Statsråden kom seinare med ei tilleggsbestilling om kartlegging av mulige traséval på land mellom dei ulike fjordkryssingane. Derimot har det aldri vore tvil om at det er fjordkryssingane som har fokus og prioritet, dei skal byggjast ut fyrst.

I kronikk etter kronikk har temaet ferjefri E-39  vore oppe i våre regionale mediar.

Mange har meiningar om denne viktige saka, noko som er svært bra. Dette gjelder sjølvsagt også debatten ikring forslaget Romsdalsaksen som vi må respektere at mange arbeider for.

Per i dag er trasévala teke i vårt fylke og dei som arbeider for sine alternativ må få lov til å gjere det inn til prosjekta vert starta opp.

Derimot er det svært uheldig at fokuset ikring ferjefri E-39 no er flytta frå fjordkryssingane, og til mulige "FIREFELTS MOTORVEGAR" imellom prosjekta. 

Det er ufattelig for meg  at dei som arbeider for HAFAST og HALSAFJORDKRYSSINGA no set pikkande stille i båten, medan debatten om å bruke meir en 10 milliard på land i forbindelse med MØREAKSEN får halde på for fullt. La det vere sagt, fjordkryssinga Møreaksen ligg inne i NTP, og skal byggjast slik det no ligg til grunn. Kostnadene er rekna til omlag 14 milliard kroner, bestillinga er at desse kostnadane skal vidare ned.

No i det siste har Oddbjørn Vatne satt all sin fokus på  at vegen sørover frå Møreaksen skal gå gjennom Stette,  dette er svært uklokt å vil ha ein prislapp på omlag 10 milliard kroner.

Eg har alltid hatt stor respekt for Oddbjørn Vatne, men no trur eg også han bør sette vekk "Møllers tran flaska".

Kvar pengane til å bygge desse gigantprosjekta  på land skal takast ifrå, må nokon snart fortelje meg. Nokon må også snart vakne opp, og sjå at dersom noko slikt skulle skje, ville det berre være "smular igjen" til  Hafast og Halsafjordkryssinga.

Og slutt å kome med tøvet om at dersom ein ikkje er aldeles taus og berre godtek alt, så risikerar ein at pengane ikring Møreaksen reiser andre stadar i landet.

Det som verkeleg er ein fare, er at «mykje vil ha meir» og såleis vert prosjekta totalt så store, at nokon i finansdepartementet til slutt setter foten ned.



-Kanskje nokon bør tenke over det, når en kjem daldrandes med milliard på milliard utover det som faktisk skal byggast, nemleg fjordkryssingane .

- og, kva blir bompengetakstane frå Ålesund til Trondheim eller Dombås, dette er det ingen som torer å kome med !!

I fleire titals år har vi arbeidd for omlag 2 milliard kroner til E-136 Romsdalen, som er eksportvegen vår inn og ut av Møre og Romsdal.

Dette er den viktigaste vegen for vårt næringsliv. Vi har kjempa og kjempa for desse midlane som no endeleg er lagt inn i NTP av dagens regjering, men må løyvast i budsjetta framover.

Kven trur, ja eg gjentek, kven trur at det berre er å trylle fram 3-4 milliard kroner i vegsystem forbi Molde og 7-10 milliard kroner til vegsystem på land sør om Møreaksen ?

Dei som trur dette, må snarast råd ringe meg så eg får "fasiten" på korleis dette skal gjerast.

Vi må ikkje no i iveren etter at "elefanten" berre veks og veks miste fullstendig gangsynet, og gløyme realitetane.

Realiteten er at vi har mange andre prosjekt på vegane våre her i fylket som må utbetrast i dei neste tiåra,  som til dømes prosjekt på E-136, E-39 og Riksveg 70, Borgundfjordtunellen, med meir.

Fjordkryssingane skal gjennomførast, men då er det  fjordkryssingane som skal på plass først, så får ein ta ein skikkeleg drøfting på kva vegprosjekt som elles skal prioriterast framover her i fylket.  For ikkje å snakke om pengar som må på plass til ferjedrifta vår og vedlikehald av vegane, her er behov for mange, mange milliard kroner dei neste åra.

No står Møreaksen snart klar til bygging, og debatten gjelder kva vegen skal går nord og sør om sjølve fjordkryssinga.

Svaret er klokkeklart K2 over Ørskogfjellet.

-Ser at Oddbjørn Vatne meiner dette området kan samanliknast med Strandafjellet, tja, då skal eg snarast invitere Oddbjørn på en tur til Stranda. Det er tydelegvis svært lenge sidan han har vore inna  fjorden :)

K2 over Ørskog binder i hop heile Sunnmøre  å ikkje minst heilt nødvendig kopling mot E-136 Romsdalen. Alle andre alternativ er totalt urealistiske med tanke på heilt umogelege kostnadsnivå. Samt det kan få svært uheldige konsekvensar for dei andre fjordkryssingane,  som trenger desse midlane for å kunne bli realisert. Vegsystem forbi Molde må på plass, men rimelegare.

Det går faktisk ann å bruke "sunn fornuft" å  velje K2 frå Vik til Skorgedalen, for brøkdelen av kostnaden til K3.  En  vil da hindre rasering av Tomrefjorden, Tomrafjellet, Svartløken og heile område.

Fjordkryssingane ER ferjefri E-39.

Gigantiske vegprosjekt med firefelts motorvegar på  vegsamabanda mellom fjordkryssingane, er ikkje noko anna en tidenes største forsøk på å " SNIKE I KØA ". Det vil bety at andre prioriterte prosjekt som i årtider har stått på vent i resten av fylket, som E-136, E-39 og Riksveg 70 samt en haug med andre prosjekt vil bli satt på enda lenger vent.

Frank Sve

Fylkesleiar Møre og Romsdal FrP

Gruppeleiar Fylkestingsgruppa FrP

Leiar Plannemnda for samferdselsbygging i Møre og Romsdal Fylke

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook