Av og til blir det sagt at det kan være lurt å starte med blanke ark, problemet er at det er vanskeleg å sjå bort frå det som har skjedd tidlegare.

Rådmannen valgte å starte med blanke ark då ho den 30 okt. la fram sitt forslag til budsjett, og tok ikkje hensyn til nyleg fatta vedtak ang. struktur for ungdomsskulane.

For meg er dette litt respektlaust.

Men eg reagerar meir på argumentasjonen som rådmannen brukte. Det var snakk om større og langt betre miljø, fleire valfag, betre lærarar osv. At ei sentralisering også var bra for kommuneøkonomien vart nemnd berre som ei undersetning. Alle som har vore med i Raumapolitikken ei stund veit at det ikkje hadde kome forslag om samling av ungdomsskulane dersom det ikkje var for den dårlege kommuneøkonomien.

Og eg må spør, har rådmannen lest den knusande rapporten om Åndalsnes Ungdomsskule frå Fylkesmannen? Det rette ville truleg vore å flytta elevane frå Åndalsnes til Åfarnes og Måndalen.

Og det blir ein brist i argumentasjonen når rådmannen også trekker Rauma VGS inn i dette. Med all respekt for Rauma VGS, så er nok den skulen, relativt sett, svakare enn desse to ungdomsskulane.

Som sagt er det berre kort tid sidan det var full enigheit om å ha tre ungdomsskular.

«No er det Måndalens tur», sa representanten Marit Nauste i kommunestyret den 5. september i år. Sjølv om det vart ein kort tur, så skal eg sei takk for turen!

Det er svært uheldig når folk ikkje er til å stole på, men eg ser at det er ein effektiv måte å få merksemd, og for å bli huska lenge.

Kor mange brukarundersøkingar skal til i denne saka når det likevel ikkje blir teke hensyn til det som kjem fram? Dei svara som trengst får ein ved å oppheve fritt skulevalg.

Dette er trenering sett i system frå fleirtalet i formannskapet!

Alle budsjett og reknskap har ei inntektsside og ei utgiftsside. Og det er ikkje inntektene som har svikta for kommunen, men utgiftene som har est ut, rett nok på eit svært begrensa geografisk område. Eigedomsskatten er auka til max nivå, og kommunen krev inn gebyr for tenester dei ikkje utfører, eller i beste fall lenge før vi får det vi betalar for.

For under tre år sidan fortalde ordføraren i eit interjuv i NRK om kor god økonomi Rauma hadde. Fylkets lågeste lånegjeld og stor økonomisk fridom sa ordføraren.

Eg forstår godt at han ikkje liker å bli minna om dette.

Både politisk og administrativt har kommunen dei siste åra blitt styrt etter prinsippet «splitt og hersk» med  mål om å styrke sentrum på bekostning av bygdene. Det er beklageleg at den nye rådmannen synest å vidareføre dette.

Men dette har i stor grad vore mislykka. Bygdene er blitt sveisa sterkare saman, og i den enkelte bygd er lokale stridigheiter lagt til side.

Men sentrum står svakare enn nokon gong. Formannen i den nye sentrumsforeninga sa  det rett ut: « I dag er det bare armod – det er ikke noe hyggelig».

Torbjørn Bruaset

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook