I kommentaren sin til innlegget mitt om ordet «mann» spør Hege Karina Bøe kva eg kan ha meint med at trenden til å skifte ut nemningar med «mann» kan ha hatt ein negativ verknad. Det er eit godt spørsmål, for det er klart at utskiftinga av desse orda er gjort for at nemningane skal bli oppfatta meir kjønnsnøytrale, og vi må tru at det er slik det har blitt. Når eg skriv at endringa av slike ord kanskje også kan ha hatt ein negativ verknad, meiner eg «kanskje» bokstaveleg, eg vil ikkje påstå at det er slik. Eg skal prøve å forklare.

Ord som embetsmann, lagmann og sysselmann er i dag per definisjon kjønnsnøytrale fordi dei blir definert som ”ein person som ...”, eller liknande. Likevel blir dei i praksis oppfatta, i alle fall delvis, som ikkje-kjønnsnøytrale, fordi vi assosierer orda med «mann» i «vanleg» tyding. Derfor reknar Språkrådet dei heller ikkje for kjønnsnøytrale i rettleiinga si om kjønnsbalansert språk. Hadde vi fått skifta ut alle  ord med «mann» i seg med andre ord som er og blir oppfatta som kjønnsnøytrale, hadde vi løyst problemet. Men problemet er at ein del av orda er det vanskeleg å finne gode alternativ til. (Ja, eg er klar over at mange meiner at det heller manglar på god vilje til det.) Då er det at eg har tenkt at viss vi kor som er blir ståande att med nokre få slike manne-ord, kunne desse då blitt oppfatta som meir kjønnsnøytrale viss vi ikkje gjorde noko nummer ut av slike ord? Viss vi lærte folk opp til at rådmann ikkje er nemning for ein mann, men for ein person, og at mann tyder person i dette ordet?

Skal alle manne-orda bytast ut, er det vanskelegaste ordet eg kan komme på ordet nordmann. Det er klart at det er eit kjempevkitig ord i denne samanhengen. Rett definisjon av ordet er «person frå Norge». Snakkar vi om at «det vrimla av svenskar og nordmenn i gatene», tenkjer vi sjølvsagt på at det er snakk om svenske og norske kvinner og menn, ikkje at det var berre menn som er norske. I rettleiinga si til kjønnsbalansert språk peikar Språkrådet på at mange synest det skurrar når ein skriv om «nordmannen Grete Waitz». Det har dei sikkert rett i. Men eg må seie eg skulle ønskje at det ikkje var slik, for om det ikkje er råd å bruke ordet nordmann om ei kvinne, så manglar språket eit viktig ord. Det kan alltids vere råd å skrive om med adjektivet «norsk» i dei fleste tilfelle, men det blir ikkje heilt det same; skribenten manglar ordet som gir det beste uttrykket for tanken. Om vi ikkje har noko anna ord enn «nordmann» her, hadde det ikkje då vore fint om vi kunne seie at blant dei nordmennene som har markert seg, er Grete Waitz ein av dei store – utan at vi skulle drive og fleipe med at «ho er ikkje nordmann, for ho er dame»?

Og skal «nordmann» reserverast for berre menn, kan Ola stå der og godte seg og hovere og erte Kari: Eg har noko som du ikkje har. Eg har eit substantiv: nordmann. Du har berre adjektivet norsk, du. Det adjektivet har eg òg, men det er mykje betre å ha både substantivet og adjektivet. Og når eg har både substantivet og adjektivet, er det fordi min posisjon i samfunnet er mykje viktigare enn din. Berre så du veit det!

Kanskje spelar minnet meg eit puss, men eg meiner å hugse at då eg var i barnealderen snakka vi om «norskaren, svensken og dansken». Ja, hadde «norskar» vore eit brukeleg ord, kunne det kanskje vore ei løysing? Men det skal svært mykje godvilje til i folket om vi skal greie å få eit slikt ord til å slå gjennom. Er det tenkjeleg at det nokon gong skal kunne oppfattast som gangbar eller god norsk å tale og skrive om norskarar og franskarar?

Arnfinn Hovde

Arnfinn Hovde. Foto: Privat