Kjære moldensarar!

Vi har ikkje råd til å missa meir av det gamle Molde: Etter bombinga av byen i 1940 var det lite att av den vakre Rosenes by som drog til seg både keisar, kunstnarar og andre som ville oppleva noko av det fremste Noreg hadde å by på .

Nokre hus, dei fleste i utkanten av bysenteret, overlevde bomberegnet.

Eit hus som har spesiell historisk verdi for oss, er Storlihytta. Ho knyter seg til Moldes storslagne turisthistorie samstundes som ho er eit kjært landemerke for oss som elskar lia og marka oppover mot Varden.

I moldensarars hjarte

Det er eit bygg som som ligg djupt inne i alle moldensarars hjarte, ein del av vår identitet. Eg takkar både Moldes rådmann og fylkeskonservator for å sjå verdien i å ta vare på Storlihytta i si noverande form.

Det er rart at Molde og Romsdal Turistforening ikkje vel å gå inn for restaurering etter bygningsantikvariske prinsipp. For på sikt vil dette vera også i turismens interesse. Det gamle huset med si rike historie vil i seg sjølv vera ein turistattraksjon – og det bør få stå utan moderne tilbygg eller andre hus inntil.

Med adresse både i Molde og i Reykjavik, har eg hatt høve til å følgja den veldige utviklinga av turistnæringa på Island: I løpet av dei siste 5 – 6 åra har turismen blitt ei større næring enn dei tradisjonelle eksportnæringane knytte til fiskeria – turismen er faktisk den største eksportnæringa i dag.

Ein treng ikkje vera blant dei store profetar for å spå at turismen vil veksa sterkt som næring også i Noreg framover.

Turistane vil sjå noko unikt

Det er ikkje nok med nye og flotte hotell og effektive veganlegg, det kan dei sjå og ta i bruk overalt på kloten. Det unike ved Molde er sjølvsagt naturen, men det er også det vi har att av gamle bygningar, minne om tidlegare tiders handverk, industri, jordbruk osb.

Det ser ikkje ut til at nokon bryr seg om å ta vare på det som er att av den gamle trehusarkitekturen i Rosenes by. I Parkvegen, ein gong byens vakre villaveg med sine fine trehus og store hagar, står no endå eit hus og vert langsamt øydelagt. Kven har ansvaret for tannlege Zieglers gamle hus? spør eg. Det gjer vondt kvar gong eg går forbi det ein gong så staselege huset med den vakre hagen. Det er mange bygningsperler som er forsvunne – lenge etter tyskaranes herjingar.

Turistane vil sjå noko unikt, dei vil sjå våre gamle bygningar, dei vil oppleva vår historie, vita kvar vi har våre røter. Eg trur òg at dei heller vil ha ferjereiser over fjorden enn framkomst gjennom tunnelar og på breide motorvegar.

Trengs pengar

Det burde ikkje vera så umogeleg å reisa den kapital som trengs for å restaurera Storlihytta på bygningsantikvarisk forsvarleg vis. Det trengs pengar til restaureringa og det trengs pengar til å ta vare på hytta, til å "drifta" den.

Eg har den tru at om ikkje offentlege eller halv-offentlege organ med budsjett til kulturvern har pengar til dette, så finst det mange moldensarar som kan vera med på å leggja inn den nødvendige kapitalen – og binda seg til framtidig drift/vedlikehald.

Korleis dette organisasjonsmessig skal gjerast, veit vener i forretningsverda best. Kanskje ei stifting? I alle fall: Eg teiknar meg straks for eit femsifra tilskot, i von om at andre gjer det same.

Men før noko av dette skjer, må vi få vita – iallfall så nokonlunde - kva  kostnadene ved restaurering og vedlikehald er rekna til. Så går vi vidare ut frå det? Eg er iallfall med.

Knut Ødegård

--------

Vil du skrive i På tråden?  Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg?  Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du  meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg  Nordvest Debatt på Twitter

Følg  Nordvest Debatt på Facebook

Meiner det gamle huset det bør få stå utan moderne tilbygg eller andre hus inntil. Foto: Erik Birkeland