LESERINNLEGG

Sjukehussaka: Kan det beste bli det godes fiende?

Jenny Klinge: – Hadde eg sett det som realistisk å få behalde begge sjukehusa, ville eg gått inn for dette.

Jenny Klinge meiner at «dersom all den energien som har vore lagt i sjukehussaka dei siste åra hadde vore brukt til å oppretthalde/gjenopprette eit fullverdig lokalsjukehus i begge byane, ville ein kunne lukkast med det.»Foto: Privat

Leserinnlegg

Sjukehussaka er med god grunn ei sak mange politikarar tykkjer er vanskeleg. Eg for min del har heile tida meint at ein burde kjempe for å behalde begge sjukehusa på Nordmøre og i Romsdal. Derfor var eg tydeleg for to sjukehus fram til flesteparten av ordførarane på Nordmøre gjekk inn for fellessjukehus. Eg kritiserte avgjerda deira den gongen, til stor misnøye frå ordførar Øyen i Kristiansund. Samtidig hadde eg – og har – full forståing for kvifor dei gjekk inn for eit felles sjukehus. Tiltrua til at det gjekk an å bevare Kristiansund sjukehus som eit fullverdig lokalsjukehus vart mindre over tid, og etter kvart vart frykta for stor for at det planlagte nye Molde sjukehus skulle ende med å bli eit fellessjukehus. Så dette vart eit spørsmål om tru og tvil, om strategiar, og om å satse høgt for i beste fall å vinne mykje – i praksis å vinne kampen om lokaliseringa av det nye sjukehuset. I staden vart det satsa høgt for så å tape mykje.

I debatten som føregår no, framstår det som om Nordmørslista og fleire andre ikkje hugsar kva som forårsaka dette resultatet. Bortimot heile Mørebenken gjekk klårt inn for å behalde to sjukehus (med unntak av KrF). Det høyrer også med til historia at funksjonsfordelinga allereie den gongen planlegginga av nytt sjukehus på Eikrem i Molde starta, var gått så langt at dei to sjukehusa i regionen ikkje lenger var fullverdige lokalsjukehus. Dersom dei skulle bli det for framtida, måtte det ein ny politikk til for å sikre fullverdige lokalsjukehus. Dette er ein politikk som vi i Senterpartiet ville og framleis vil føre, men til og med med dagens svært gode meiningsmålingar for oss er det ikkje fleirtal på Stortinget for ein slik politikk. Dette er bakteppet.

Når avgjerda for lengst er fatta om eit nytt sjukehus, blir spørsmålet: Kva kan no bli det beste resultatet? Eg har allereie slått fast at eg ønskte å oppretthalde begge sjukehusa, så for meg er dette framleis «det beste». Kan eg oppnå dette «beste» ved å kjempe hardt for to sjukehus også i 2017? Når eg stiller meg dette spørsmålet, kjem eit anna spørsmål raskt inne i biletet: Hadde ordførarane rett i at begge sjukehusa uansett ikkje kom til å overleva og at eit fellessjukehus ville bli resultatet på sikt? I så fall er det å kjempe for to sjukehus – som eg anser som det beste – til hinder for å kjempe for det gode. Det gode i denne samanhengen vil då vera å sikre at det nye sjukehuset skal ha døgnopen barneavdeling  og alle funksjonar som det var grunn til å forvente då vedtaket om fellessjukehus vart gjort. Samt ikkje minst å sikre at Kristiansund får behalde viktige helsetenester og såleis arbeidsplassar. Dersom nokon frå ordførarkollegiet den gongen i 2013 kan fortelje meg om dei enno meiner strategien deira var riktig eller feil, ville det kunne vera avklårande. Eg sjølv meinte jo at kreftene burde setjast inn på å redde Kristiansund sjukehus for framtida, og gjekk som nemnt aldri inn for noko fellessjukehus. Men var det eg som tok feil den gongen eller var det dei som gjekk inn for fellessjukehuset? Eg er einig i at prosessane etterpå har vore kritikkverdige, og eg har derfor tatt dette opp med helseministeren i Stortinget også, men uansett er det grunn til å stille spørsmål ved strategien og bakgrunnen for denne.

Eg stiller meg bak Kristiansund Senterparti si tilnærming til saka i ein interpellasjon dei nyleg fremja overfor bystyret. Dette var framlegget deira til vedtak, som også vart einstemmig vedtatt i bystyret: «Bystyret i Kristiansund forutsetter at sykehuset i Kristiansund opprettholdes med dagens funksjoner frem til Sykehuset for Nordmøre og Romsdal kan tilby alle de tjenester som var forutsatt ved tidligere vedtak. Videre må nødvendige tiltak på veinettet være vedtatt iverksatt innenfor en rimelig tidsplan, det vil si innarbeidet i NTP. Sykehuset i Kristiansund skal ha stedlig ledelse.» Og Kristiansund Sp slår fast at dersom desse føresetnadene ikkje blir oppfylte, er det grunnlag for å ta saka opp til ny behandling.

Dette skulle berre mangle. Viss ikkje helseføretaket og regjeringa kan avklåre at dette skal oppfyllast, vil det vera ein hån mot pasientar og sjukehustilsette både på Nordmøre og i Romsdal. Det vil vera absurd å byggje eit fellessjukehus for så å ende opp med færre helsetenester i regionen enn tidlegare. Dei tilsette både ved Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus fortener avklåringar, og det er det helseføretaket og regjeringa som kan gi. Vi som ønskte å behalde begge sjukehusa kan gjenta dette til vi blir blå i fjeset, men situasjonen er no uansett er at det blir eit nytt sjukehus. Då er det viktig å bruke energi på å kjempe for kva funksjonar og helsetenester som skal bli att i regionen vår, inkludert i Kristiansund. Innbyggjarane på Nordmøre og i Romsdal fortener at alle gode krefter går saman om å kjempe for innhaldet i det nye sjukehuset, samt for innhaldet i helsetenestene i Kristiansund. Då tenkjer eg både på planlagte tilbod i Kristiansund og naudberedskap/akuttilbod; det blir viktig å sjå på det konkrete innhaldet. Dette handlar også om helseinnovasjon og interkommunale tilbod, ei styrka ambulanseteneste og endå betre kommunehelseteneste rundt om i heile regionen.

Denne saka er vanskeleg, og eg ønskjer med dette innlegget å få fram kva dilemma som ligg der for oss politikarar. Det er ikkje alltid dei som ropar høgast som oppnår mest, og det er ikkje alltid dei enkle svara som er dei rette. Dersom eg skal forsøke meg på ei oppsummering av kva eg sjølv meiner, er det at eg framleis er mot avgjerda om fellessjukehus. Hadde eg sett det som realistisk å få behalde begge sjukehusa, ville eg gått inn for dette. Viss føresetnadene for eit nytt sjukehus ikkje blir oppfylte, er det opplagt at grunnlaget for å byggje dette er borte, jamfør krava som Kristiansund Sp formulerer. I så fall må ein sørgje for at begge dei to eksisterande sjukehusa blir fullverdige lokalsjukehus for framtida og at dei får tilfredsstillande bygningar og utstyr. Denne kampen såg dessverre mange som tapt for fleire år sidan.

Ein kan tenkje seg at dersom all den energien som har vore lagt i sjukehussaka dei siste åra hadde vore brukt til å oppretthalde/gjenopprette eit fullverdig lokalsjukehus i begge byane, ville ein kunne lukkast med det. Senterpartiet har både i tidlegare år og i heile siste denne perioden vist at vi er truverdige forkjemparar for lokalsjukehusa. Likevel: Eg er den første til å innrømme at kampen for lokalsjukehusa ikkje er enkel. Det er ikkje fordi saka er dårleg, men delvis fordi for mange veljarar stemmer på parti som ønskjer sentralisering. Det er viktig å hugse at byane i fylket vårt er like sårbare for hard sentraliseringspolitikk som det bygdene er.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook