«Ferjefri E-39 er vegen til suksess.»

«Ferjefri E-39 vil knytte folk og idear tettare saman.»

«Ferjefri E-39 vil bygge saman nye bu- og arbeidsmarknadsregionar.»

Den politikaren eller informasjonsbyråkonsulenten som fann opp slagordet «ferjefri E-39» skulle hatt seg ein medalje. For det er kortfatta slagordpolitikk som gjeld: Ferjefri E-39! Det kling godt og er kort og forståeleg. Og slagordet har i tillegg tilfeldigvis både vokalrim og enderim.

Og ikkje nok med det; I tillegg kan ein argumentere med at prosjektet ferjefri E-39 kan forkorte reisetida mellom Kristiansand og Trondheim med opptil 10 timar. 10 timar kortare reisetid! Det er heilt fantastisk. Det er klart vi må bygge ferjefri E-39 - vegen til suksess - så fort som råd!

Slagordpolitikk

Det er berre den lille haken at det allereie finnast ein ferjefri veg mellom Kristiansand og Trondheim. Den heiter E18 og E6. Den er 300 kilometer kortare, og den vegen tek det allereie under 11 timar å køyre. Og i tillegg finnast det også jernbane på denne strekninga. Dette har også dei kloke hovuda oppdaga etterkvart, så no seier dei at målet med ferjefri E-39 ikkje først og fremst er å forkorte reisetida, men å knytte folk og idear tettare saman. Det heiter ikkje «Kjærleikens ferjereiser» no lenger, heretter heiter det «Tunnel of love» og «Bridge over trouble water». Eit blømande døme på dette er å sjå kor kjærlege band og godt samarbeid det er blitt mellom folket i Kristiansund og Molde etter at ein bygde Krifast-sambandet.

«Ferjefri E-39» er utan tvil eit godt slagord. Det er nesten like godt som slagordet «gratis skolemat til alle landets skolebarn». Ein finn eit fengande slagord for noko ein håper dei fleste vil ha, utan å tenke prioritering, kostnad og konsekvens fullt ut. Alle er einige i at «gratis skolemat til alle landets skolebarn» kan ha mange gode konsekvensar. Men dei fleste, kanskje med unntak av SV, er også einige i at det kostar meir enn det smaker, og difor ikkje bør prioriterast foreløpig.

Er ferjefri E-39 rett prioritering?

Norge har truleg dårlegaste vegstandarden i Europa i forhold til levestandard. Det handlar ikkje berre om manglande prioritering og pengebruk, men også om store topografiske og klimatiske utfordringar her i landet. Er det ikkje god nok valgkampsak å snakke om betre vedlikehald og utbetring av eksisterande vegnett: Tryggare vegar, breiare vegar, og gjerne også flatare og mindre humpete og svingete vegar? Bør ein ikkje prioritere å sikre og utbetre vegane langs fjordane og mellom fjordkryssingane, før ein forhastar seg med å starte bygging av gigantbruer og rekordlange undersjøiske tunnellar? Nei, for det er ikkje innovativt og sexy nok.

Eg er ikkje motstandar av alle framtidige ferjefrie fjordkryssingar langs vestlandskysten. Eg skjønar berre ikkje kvifor det hastar slik med å bygge ut heile E-39 omtrent på ein gong? Kva er det som er så farleg med ferjer? I ei tid der det er krav om at alt skal gå fortare og fortare - er det kanskje viktig å kunne sette seg ned, nyte naturen, sjå kvarandre i augene, fylle opp ein kaffikopp og ta seg ei svele? Skal ein køyre langt langs vestlandskysten, treng ein uansett ein pause innimellom, både privatbilisten og yrkessjåføren.

Statens vegvesen meiner det allereie er teknisk mulig å bygge ein ferjefri E-39. Det betyr ikkje det same som at ein treng å gjere det med ein gong. Det er truleg teknisk mulig å drive charterturisme til månen også, men det er himla kostbart og risikofylt.

Lytt til næringslivet

Utan verdiskaping og eit konkurransekraftig næringsliv blir vestlandet ein lite livskraftig region. Derfor bør polikarar lytte til næringslivet sine ønsker og interesser. Men ein treng heller ikkje å la seg diktere, då delar av næringslivet sitt mål er eiga vinning og kortsiktig gevinst, framfor å tenke  langsiktig og heilskapleg samfunnsbygging. For kva del av næringslivet er det som er avhengig av kraftig forkorting av reisetida langs heile E-39 for å overleve? Er det ikkje slik at eksportvegane stort sett går austover? Og er kanskje ikkje ferjedrift og ferjebygging også ein viktig del av næringslivet vårt? Nokre av trendorda i næringslivet for tida er globalisering, digitalisering og «det grønne skiftet». Ferjefri E-39 og Møreaksen vil vel neppe automatisk styrke nokon av desse tre faktorane i særleg grad?

Naturbasert turisme blir av mange sett på som ei stor vekstnæring for vestlandsregionen dei næraste åra. Kor lurt og attraktivt er det då med rådyre og triste fjordkryssingar i lange og klaustrofobiske undersjøiske tunnellar? Lastebileierforbundet i Møre og Romsdal virkar heller ikkje å vere særleg begeistra for Møreaksen og undersjøisk tunnell under Moldefjorden.

Er Møreaksen økonomisk og miljømessig berekraftig?

Møreforskning meiner nei. Heimesida til Møreaksen viser til professor i samfunnsøkonomi Victor Norman, som hevder at den samla samfunnsnytten av Møreaksen vil bli på 835 millioner kroner i året. Eit pussig presist tall, men skal ein då stole meir på han, og kor sikre er slike tall? Nytten av Hordfast (bru over Bjørnafjorden) vart av eit konsulentbyrå først antatt å ha ein samla verdi på over 17 milliarder kroner. I 2016 var den samme anslåtte nytteverdien plutseleg redusert til berre 1,4 milliarder kroner, i følge nye utrekningar frå Statens vegvesen. Ein veit også utifrå historiske fakta at dei fleste byggekostnadsanslag er optimistiske og underprisa, og at det aller meste som regel vert dyrare enn først antatt.

Bygging av Rogfast (tunnell under Boknafjorden) vart i første konsekvensutredning i 2002 antatt å koste 2,8 milliarder. I 2016 var det samme prosjektet estimert til å koste 14,2 milliarder. Det tilsvarar  ein kostnadsauke på omlag 450 prosent på under 15 år. (Talleksempla som er brukt er henta frå ein artikkel av forskar Morten Welde ved NTNU). Anna forskning har avdekka at dei gjennomsnittelege budskjettsprekka på OL-arrangement dei siste tiåra har vore på 179 prosent. Møreaksen er estimert til å koste omkring 40 milliarder kroner. Ein budskjettsprekk på 179 prosent ved bygging av Møreaksen vil tilsvare over 110 milliarder kroner. Ikkje at eg trur det vil skje, men også «berre» 40 milliarder kroner er svært mykje pengar. Det er heller ikkje slik at ferjefri E-39 vil gjere det slutt på alle drifts- og vedlikehaldsutgifter i framtida, sjølv om ferjene er borte.

Ved bygging av Møreaksen legg ein opp til - og legg til rette for både - auka personbiltrafikk og auka mengde tungtransport. Kor framtidsretta er det i forhold til klodens klimaproblem – og i forhold til framtidig miljølovgiving og miljøteknologi? Samfunnsøkonom og tidlegare toppsjef i  Fjord1 MRF, Anker Grøvdal, ytra at det kanskje vil vere lurast å - ha litt is og svele i magen- og avvente teknologiutviklinga nokre år før ein startar bygging av ei ferjefri fjordkryssing over eller under Moldefjorden. Naturvernforbundet har ytra at det mest framtidsretta er å satse på elektriske ferjer. Tilhengarane av Romsdalsaksen peikar mellom anna på dei miljømessige og kostnadsmessige fordelane med ein nesten flat fjordkryssingsveg – i forhold til å bygge ein vegtunnell under fjorden med nesten 400 meter stigning.

Auka motstand krev hastverk og handling

Møreaksen virkar å vere ein veg som fleirtalet av innbyggarane i fylket ikkje vil ha (med unntak av dei som bur i Midsund eller på Gossen). Heller ikkje Molde-pendlarane frå Vestnes er særleg tent med utbygging av Møreaksen. For mange vil hurtigbåt truleg framleis vere både billigare, hurtigare, sikrare og meir sosialt enn ein omveg om Otrøya i bil eller buss.

Pådrivarane for Møreaksen virkar redde for at tvil og motstand mot prosjektet kan føre til at andre vegprosjekt vil få prioritet. Så Møreaksen hastar – ikkje først og fremst fordi det er eit genialt samfunnsprosjekt – men fordi prosjektet kan risikere å havne lenger bak i køa i Nasjonal Transportplan. Her er det ikkje tid for omkamp. Så fei for all del all tvil tilside og start bygging av Møreaksen før motstanden blir for stor og innvendingane for mange. Her skal det byggast, brukast milliardar, og leggast til rette for meir fossilt energiforbruk og meir forureining så fort som råd.

Idar Remmereit (halvstudert røvar med opptil fleire studievekttal i samfunnsgeografi. Er dessutan Molde-patriot, sveleentusiast og sofademokrat)

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook