Så er den debatten i gang og: Kva skal barnet, eller rettare sagt brureparet heite? Bønder og steinhoggarar på kvar si side av Fræneidet er blitt pålagt å slå seg i hop og leva i lag for all framtid, i gode så vel som mindre harmoniske dagar. Somme meiner tvangsekteskap er ein uting, men det går seg vel til; når ein først må?

Rett skal vera rett; begge partar vart spurt først, i ei såkalla folkeavstemming. Den eine sa ja tvert, den andre var i sterk tvil; ville helst ha ein annan eller leva singel, som det heiter. Det endte med at foreldra (kommunestyret på Eide) tolka tja som eit klart ja der og, etter lange forhandlingar om medgift og slikt.

Så var det dette med namnet. Kom gjerne med forslag, vart det sagt. Her ligg det an til mykje kiv og karnafling; dette blir ingen spøk, sjølv om fristen er 1. april. Barnehagen i Svanvika var først ute. Her kom det fleire kreative forslag. Bra jobba, det er trass alt dei som er framtida. Alt er uansett betre enn at politikarar skal sitte og synse om slike ting som stadnamn, det har ikkje alltid falle heldig ut. (Eg nemner Ikkje Vasskor- / Vassgård-debatten med eit einaste ord!) Sist haust var det dei folkevalde i Eide som samrøystes (?) skal ha komme fram til at eit par nye vegbitar i Krakalia skal heite –veien og ikkje –vegen, på tvers av både rettskrivingsreglar for namn og dialektuttalen. I følgje Budstikka skal ein Frp- representant ha meint at det klang betre!

Når det gjeld namn på ein ny kommune, så står vi overfor ein reell namnedåp. Her kan ein vel vera meir kreativ, treng ikkje nødvendigvis ta omsyn til eksisterande namnetradisjon i dei to kommunane. Atlantic? Namnet er i alle fall ledig, no når selskapet er nedlagt. Hustadvika kommune har vore brukt så ofte at mange har trudd namnet var i boks. Greitt forslag eigentleg, sidan det signaliserer kyst, tradisjon og gamle kommunikasjonsformer. Men i vår tid går samferdsla over land; og ikkje noko knyter dei to gamle kommunane meir saman enn vegen over Fræneidet. Utan den hadde ikkje banda mellom Eide og Fræna vore der; og ein hadde ganske sikkert sett seg om etter andre å slå seg i hop med.

Eide og Fræna deler i dag mykje, først og fremst kommunale tenester og arbeidsplassar. Og i bustadfelta i Eide sentrum er det mange inngifte freningar. Slik sett har kommunesamanslåinga vore i gang lenge! Etterkvart er også språket påverka, sjølv om dialektar er seigliva. Det går rett nok ei dialektgrense over samme eidet. Ho gjer den eine til nordmøring som snakkar austnorsk, mens den andre er vestnorsk romsdaling. Men Eide-dialekten er i langsam flyt mot romsdalsmålet; det er berre å legge merke til korleis ungdom i bygda snakkar. Så anten ein likar det eller ikkje, Fræna vil bli ein dominerande ektemake i parforholdet, også språkleg.

Skal ein så gje seg utan kamp, rett og slett kalle den nye allianse Fræna kommune? Smakar ikkje heilt godt, spør du meg, ikkje som felles namn. Fræna er som kjent eit gammelt fjordnamn som har «gått på land». Eide er dativforma til eid, ein overgang, eller «ein veg over land mellom vatn / elver». Ordet er gammelt, vi finn det i eit germansk substantiv, aida, frå indoeuropeisk «å gå». Eide kom i bruk som namn på ein gard og ein tettstad. Folk i grendene rundt har heilt opp til vår tid brukt kortforma; sa dei skulle til «Ei» for å handle.

Opphavet hos oss er ganske sikkert Fræneidet, eidet dei gjekk mellom dei to kommunane. Sidan Eide har høyrt til Kornstad og delvis Kvernes sokn, og ein gong i tida berre vart nemnt som «…en smal og lidet beboet Strækning eller Strand langs Kornstadfjorden» (1832), er det grunn til å tru at bygda vart namnsett frå avstand, helst frå sjøsida. Om ein står og ser sørover frå Averøya eller frå Storlandet, ser ein eit lågt eid mellom høge fjell, med det karakteristiske Jendemsfjellet i bakgrunnen. Med andre ord ser ein den viktigaste grunnen til at to kommunar no skal bli ein! Dei to sørlegaste gardane i Eide, på Brandsetra, vart forresten av eldre folk kalla Nørdeidet og Søreidet.

Dei som giftar seg i dag er likestilte og gir ikkje alltid frå seg etternamnet sitt. Eller så tek ein gjerne med seg begge namna inn i ektestanden, med eller utan bindestrek. Det kan føre til vanskelege og kronglete kombinasjonar når barn og bonusbarn skal ha etternamn, men det fungerer vel på eit vis? Barnedåp er heller ikkje alltid lett; det har hendt at foreldre, svigers og fadrar har krangla seg heilt inn på kyrkjegolvet om namnet på poden, mens presten venta og vatnet vart kaldt. Ein skal helst ikkje kivast om slikt! Namnet skjemmer som regel ingen. Eg ser i alle fall ingen grunn til å gjera det for innvikla når det gjeld namnet på ein tvillingkommune.

For å konkludere: Kommunesentra i Eide og Fræna ligg i enden av kvar sin fjord. Det som skil dei er eit eid som folk før i tida gjekk til fots, eller helst segla eller rodde rundt. Det kunne uansett ta timesvis, kanskje halve dagen. I dag tek det 20 minutt med bil.

Korfor ikkje slå til med det mest sjølvsagte: Fræneid kommune ? (evt. Freneid, etter uttalen).

Eit banalt kompromiss? Javel, men livet er fullt av slike. Kort og greitt, namnet seier det meste. Og så finst det der frå før, på ein måte.

Ingvar Øien, Eide

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook