I samarbeid med Venstre og KrF er no det svært viktige vegprosjektet på Nordmøre, E-39 Betna- Stormyra kome inn på Nasjonal transportplan.

E-39 Betna-Stormyra vert lagt inn i fyrste planperiode, med 2,1 milliard kroner og kan såleis starte opp mulig alt i 2017/18.

«Det er ikkje småpengar» som no vert satsa på samferdsel på Nordmøre, når meir en 2 milliard kroner skal brukast på E-39 i fyrste planperiode, dvs dei fire fyrste åra av NTP.

Sjølve vegprosjektet er utan tvil heilt nødvendig, og vil bety ein kraftig forbetring av E-39 aksen mellom Møre og Romsdal og Trøndelag.

Det er også slik at dette prosjektet vil gje stor sysselsettting innan anlegsbransjen i området i mange år i byggetida, arbeidsplassar og aktivitet som er svært viktig i dagens krevjande arbeidsmarknad for området.

Fremskrittspartiet i Møre og Romsdal gjennom fylkestingsgruppa har arbeid svært aktivt inn mot våre Stortingsrepresentantar, regjering og Stortingsgruppe for å få dette prosjektet inn på NTP i fyrste planperiode.

Vi takkar sjølvsagt våre samarbeidsparti for god samarbeid i denne saka, og viser til at det er gjennom politisk samarbeid i regjering, storting og i fylkestinget som gjev resultat.

Frank Sve, fylkesleiar Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook