Vyrde fylkesordførar: I innlegg den 14. februar seier du om ferjekryssingar i Møre og Romsdal: "Det går ikkje an!" Jau, det er nettopp det historia viser – at det går an.

Kanskje ikkje «så fint an» i betydninga «optimalt». Men møringane har vist at ein kan klare å byggje ein innovasjons- og entreprenørkultur på tross av fjordar og sjø-strekningar med ferjetransport. Du skal ikkje sjå vekk frå at litt av nøkkelen til nedarva entreprenørskapskultur ligg akkurat her – i rammevilkåra?

Kvifor har dei ikkje utvikla eit like sterkt næringsliv i området rundt Askim, eksempelvis, der det er heilt flatt, ferjefritt og kort vei til alle marknader? Sjå på oppdrettsnæringa eller møbelproduksjon. Sjå på IP Huse på Harøya, på maskinindustri på Haramsøya. Brattvåg, dei maritime næringane i Ulstein/Herøy.

Ytterst i havgapet har ein drive opp solide bedrifter med utrulege resultat. Her har ikkje åpne transport-strekk over fjord vore noko hinder. Du seier at du «har erfart og ser korleis ferjestrekningane set ein stoppa for samspel og arbeid». Del gjerne talfesta eksempel på dette. Og aller helst: kan du eller andre dokumentere kor stor del av dei bygde sambanda i Norge har bidratt til det du ønskjer å oppnå? Kan det hende at mange slike «samband» er bygde utan verken på forhånd dokumentert eller i etterkant målt effekt?

Er det noko i at når brua endeleg kom, ja, då flytta folket til byen? Vi har eit næringsliv i Møre og Romsdal som har gått som ei kule dei seinaste 40-50 åra, olje og offshore, oppdrett, fiskeri, møblar, ilandføring av gass frå Ormen Lange. Eit næringsliv med omstillingsevne som blir beundra. Frå fiskeri til avansert oljeservice på nokre år. Ei utruleg innovasjonsgrad og fleire godt fungerande kløster. I sidelengs regn og sø’vest piskande yver opne fjordstrekk. Det er jo lite som tyder på at fjorden har vore eller er ein stengsel. Tvert om.

I vår digitale tid så er eg noko tvilande til at fjorden fungerer som eit stengsel mellom realkompetanse i bedrifter og akademiske miljø, slik som det blir hevda. NTNU har blitt slått saman med Høgskulen i Ålesund, det verkar som ei fornuftig organisering av kunnskap og slagkraft. Spelar ferjer og opne fjordar noko rolle her? Neppe.

Eg trur jo at folk blir betre av å møtast, og at vi ikkje kan gjere kvarandre gode og oppfinnsomme gjennom Skype-samtalar. Men eg er altså tvilande til at ei fjordkryssing eller to skal vere hinderet for vekst og utvikling. Ta deg ei svele med sukker og smør, fylkesordførar, og nyt den tida du kan la tankane flyte fritt under ein ferjetur. Du skal ikkje sjå vekk frå at mangt eit godt møte har funne stad på ferjene opp gjennom. Vi kalla det kjærleikens ferjereiser der eg vaks opp.

Kanskje vil du også få syn for at at din eigen argumentasjon ber preg av å kome frå eit politisk sjikt som bevilgar regionale «goodies til folket», i staden for å skule til heilheita?

Det typiske: «No er det vår tur!» er ikkje noko samferdselsargument i seg sjølv. Fylket installerte fiskerikai på Fjørtofta for nokre når sidan, lenge etter at den siste fiskebåten hadde forlate øya. Grunnen? Den kjenner eg ikkje. Men eg høyrde det var fordi det stod på ei lista frå 1960-åra, og at no hadde turen kome.

Når det er sagt: eg er framtidsfantast, og meiner samfunnet i Norge blir betre og betre, og at det meste er betre enn før. Eg tvilar ikkje eit sekund på at vi (du/de) riggar for framtida om vi bygg ein solid og rask stamveg frå sør til nord gjennom Møre og Romsdal, gjerne i lag med ei endå raskare løysing på veg og bane mot aust – gjennom Romsdalen og/eller sør i fylket mot Sogn og Fjordane. Sjå berre kva dei har fått til ved å linke Ulstein og Herøy saman med Ørsta og Volda. Det neste må jo bli å koble dette sambandet til Ålesundsområdet.

Eg er for gode samferdselprosjekt, men om du forstår meg rett: eg er noko skeptisk til tenkemåten som ligg bak for korleis dei blir til på.

Fylkesordførar: om du skulle argumentere for berre eitt ferjefritt samband dei neste 20 åra i Møre og Romsdal, kva for eitt ville du då ha valgt?

Trond Fjørtoft, sjølstendig næringsdrivande

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook