Samferdselsdepartmentet har send på høyring forslag til endring av yrkestransportlova. Dette er i hovudsak knytt til endring i reglar om drosjeløyve.

Forslaget inneber at løyvehavar kan operere på eiga hand, utan køyre- eller driveplikt. Det er også forslag om å tillate meir køyring utan løyve.

Møre og Romsdal fylkeskommune legg ned eit stort arbeid i å utvikle kollektivtilbodet i fylket, både når det gjeld kapasitet og frekvens på rutene og informasjon og intelligente informasjons- og betalingssystem. Navet i kollektivtilbodet er FRAM Ekspress, frå Ålesund og Volda til Kristiansund. I og rundt byane og dei største tettstadene legg vi opp fleire bussruter.

I tillegg byggjer vi ut FRAM Flexx (bestillingsdrosje) der trafikkgrunnlaget er mindre og det ikkje er passajserar til å fylle opp store bussar. Skuleskyss, noko helsetransport, transporttenester for funksjonshemma er andre ansvarsområde innanfor det samla kollektivtilbodet i fylket.

For å få dette tilbodet til å henge saman, ha kontroll på rutetider, korrespondanse mellom ulike kollektivruter og med ferjene, med skulestart og skuleslutt, med pendlarbehov osv, er vi avhengige av eit godt samarbeid med ei godt organisert og levedyktig drosjenæring.

I mange distriktskommunar slit vi med å ha køyregrunnlag til å oppretthalde drosjetilbodet som ei næring, og for fulltids jobb. Drosjenæringa har også sjølv lagt ned mykje ressursar for å opprette eit godt fungerande transporttilbod med ordna arbeidsforhold og tryggleik for kundane.

Regjeringa sine forslag til endring av yrkestransportlova vil gjere det vanskelegare å oppretthalde tilbodet til publikum, og særleg i distrikta. Utan tilknytingsplikt til drosjesentral, utan køyre- og driveplikt vil kollektivnettet som vi har i dag i fylket smuldre opp.

Somme stader vil det sikkert ordne seg – men ikkje i dei minst tettbygde områda. Vi risikerer i sum dyrare og dårlegare kollektivtilbod.

Vi må heller styrke drosjesentralane og sørge for å sikre grunnlaget for distriktsdrosjane (særleg) gjennom auka bruk og meir samordning av transporttenester, både frå helseforetak, kommunar og fylkeskommunen. Det gjeld ikkje minst den dagen vi har ein kontingent førarlause taxiar rullande rundt i bygatene.

Kristin Sørheim, leiar i samferdselsutvalet (SP)

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook