Etter at Romsdalsaksen la fram sine planar for kryssing av fjorden er det no på tide å få til ei utgreiing av alle mulege alternativ. Fortsatt ferjedrift med el ferjer inkludert.

Molde SV har aktivt jobba mot E-39 gjennom byen. 2 til tre milliardar i bompengar skal belastas befolkninga. SV har lagt fram mange forslag som vil minske biltrafikken og gjøre det lettare å komme fram med sykkel og til fots. Då treng vi ikkje milliard investeringa og 4-felts veg.

Molde SV meiner at ei utgreiing må få fram konsekvensane for:

– Tungtransporten og anna lokal varetransport. Vil vi at våre yrkessjåførar skal kjøre 400 meter under havbotnen fleire gonger dagleg? Transportarbeidarforbundet seier nei, dei vil vere over havoverflata. Bryr ikkje Else May Botten frå LO og Ap seg om desse argumenta i det heile?

– E-39 blir lengre med Møreaksen og fleire tunnellar. Bryr ikkje Fylkestinget seg om at Romsdalsaksen er det mest effektive alternativet for å flytte folk og gods hurtig gjennom fylket? Den går rett fram og utnytter allereie bygd infrastruktur på en god måte. Pål Farstad, korfor skal nordmøringane via Midsund om dei skal til Bergen eller Ålesund?

– Bruk av teknologi. Allereie kjent teknologi frå Bergsøysundbrua som vart bygd i 1992 på Nordmøre er mest aktuell for kryssing mellom Sekken i Molde og Hjelvika i Vestnes. Korfor står fagfolk fram og seier at vi ikkje har teknologi til å krysse Romsdalsfjorden utan å gå under vatn?

– Turistnæringa som vil profittere enormt på eit bruprosjekt i Romsdal som bind i hop Geiranger på Sunnmøre, med Atlanterhavsvegen på Nordmøre. Korfor er ikkje turistnæringa med i dei samfunnsøkonomiske berekningar som gjerast?

– Økonomien og dermed kor reell dei ulike prosjekta er. Romsdalsaksen tek i bruk vegen over Ørskogfjellet og den nybygde Tresfjorbrua og blir ein rimelegare  forbindelse mellom Kristiansund/Molde og Åndalsnes. I tillegg er det muleg med ferje frå Hjelvika til Sekken som er 3 km, mens frå Vestnes til Molde er det i dag 11 km ferjestrekk.

Korfor skriv ikkje medlemmane av Mørebenken eigne avisinnlegg slik at folk i Molde kan ta del i korleis dei tenkjer om ei så viktig sak? Samferdslepolitikk er tøffe prioriteringar mellom og innafor fylker i Norge og det skulle vore interessant å få vite korleis kvar representant på Mørebenken skal argumentere i sitt eige parti for det store prosjektet det er å krysse Romsdalsfjorden.

Molde SV

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook