VG avdekka i avisa sitt talmateriale at pasientar i Møre og Romsdal blei haldne over tre gonger så lenge i belteseng som i resten av sjukehusa i landet. Helseforetaket prøver å bortforklare det som blei avdekka. Ein pasient blei tatt utandørs og lufta iført belte, og ein kan berre tenkje seg kor nedverdigande denne opplevinga var for vedkomande. Kontrollkommisjonen har godkjent lovbrot. Helseministeren plasserer ansvaret hos leiinga.

For nokre år tilbake blei det lova at psykiatrien skulle styrkast med større vekst enn i somatikken. Det blei i staden nedbygging innan psykisk helseteneste, eit løftebrot. I strategi 2030 er Helse  Midt-Norge sin visjon å tilby pasienten ei framifrå helseteneste. Det er ingen tvil om at det er mange dyktige og kompetente personar som arbeider innan psykisk helsevern, og mange pasientar får god helsehjelp. Men når pasientar opplever tvang, er det svært alvorleg for den einskilde pasient. Helseforetaket må ta kritikken på alvor, ikkje leite etter bortforklaringar, men gå inn i og gjere endringar i kulturen, jobbe med haldningar, bemanning og satse på kompetanse der brot på lovgjevinga har skjedd eller skjer. Vi må også ha ein kompetent kontrollkommisjon.

Mental Helse Møre og Romsdal forventar at leiinga i helseforetaket lyttar til kritikken når urett rammar pasientar og pårørande, og viser at leiinga har innsikt og vilje til å redusere tvangsbruken. Vi forventar at pasienten blir respektert og lytta til. Kontrollkommisjonen må også ha nødvendig kompetanse og kjenne ansvaret sitt.

Anna Margrethe Drægebø Moe, Leiar, Mental Helse Møre og Romsdal

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook