I eit oppslag i Romsdals Budstikke 2. februar går det fram at Veidekke set opp nytt skilt med Vasskor og at namnet no er ferdigbehandla i klagenemndas og at dom der  er endeleg.

Dette er ei tragisk, kall den gjerne tragikomisk,  sak med gufs frå fortida der  embetsmannsvelde tok seg til rette og køyrde over folkeviljen og demokratiet.

Formålsparagrafen i stadnamnlova er å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gi dei  ei skriftform som er praktisk, og ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna. Når bygdefolket ikkje vil merke postkassane sin med det nye bygde namnet og trugar med å ikkje ta imot post med adresse Vasskor er vel ikkje namnebytet særleg vellukka og velkome.

I følgje Budstikka var det ein lokal komite som i 1992 sette fram forslag om namnebyte frå Vassgård til Vasskord, men forslaget har aldri vore lagt fram for dei som har namnet og bur på Vassgård. Dei som bur på Vassgård har heile tida protestert mot namnet Vasskord og Eide kommune har fleire gonger gjort samrøystes vedtak om at bygda framleis skal heite Vassgård, men til ingen nytte.

Det er stadnamnsutvalet i Kartverket som er organet som har ansvaret for at saksgangen er slik lova krev. Det er ikkje gjort i denne saka og difor er det eit ulovleg vedtak og ingen heimel for å sette opp skiltet. Dei som er ansvarleg for skiltinga må difor ta ned det ulovlege skiltet og om ikkje rette myndigheit gjer det,  er det ikkje lovbrot om kven som helst tek ned det ulovlege skiltet.

Etter mi meining er det ein ny saksbehandlingsfeil i klagenemnda når dei sjølve kjem opp med eit nytt 3.alternativ og vedtek det. Klagenemnda kan ikkje behandle sine eige forslag. Sjølv om diverre mange klageorgan er «Tordenskjolds soldatar»,sett ned av det utvalet dei skal behandle klager på og slik ikkje lenger framstår som uhilda og truverdige fordi dei slik manglar folks tillit.

Seniorkonsulent Nils Jørgen Gaasvik i Statens kartverk seier det er sett endeleg punktum i saka og det er ingen klagerett lenger. Dette er ein ny feil då ankenemnda har gjort eit nytt enkeltvedtak, som etter forvaltningslova har gjeve ein ny ankerett.

Eg veit eg har heile bygda med meg i  kravet om  at Kartverket trekker tilbake saka om nytt namn på Vassgård . Då saka har ei rekke saksbehandlingsfeil, som ikkje eit offentleg organ utan lovleg heimel, for å krevje gjennomført.

Dersom det ikkje vert etterkome vil saka bli teke opp i stortinget og sivilombodsmannen verte oppfordra til å be om å få saka til gjennomgang!

Kolbjørn Gaustad

Folkevalt i Eide frå 1988- 2019

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook