I ulike media den siste tida, har det kome fram diverse påstandar om at FrP ikkje prioriterer eller har gjort noko som helst for Nordmøre.

I tida etter problema med auka arbeidsløyse i vårt fylke, har det spesielt vore sterk fokus på det som har vore situasjonen på Nordmøre og i Kristiansund.

Våre lokallag på Nordmøre har jobba godt ilag med fylkeslaget og underteikna, der fleire gode tiltak og saksfelt har blitt fremma vidare i fellesskap til både Frp sentralt, regjering og storting. Dette har skjedd gjennom felles samarbeid og respekt for eit politisk system, som ein må forhalde seg til for å få gjennomslag i fylkeskommunen, regjering eller stortinget.

Saker som vart sendt inn var blant anna krav om politiets lønns og rekneskapssenter lagt til Kristiansund, krav om oppstart og prioitering av RV 70, samt framdrift og ekstra tredje ferje på ferjesambandet Halsa-Kanestraum.

Som alle veit, er ALLE desse sakene kome på plass. Sjølvsagt i samarbeid med regjeringspartia samt andre parti. I tillegg til dette, har Møre og Romsdal FrP og FrP lokallaga med sterk påtrykk frå blant anna vår parlamentariske leiar Harald Tom Nesvik og stortingsrepresentant Oskar Grimstad, stått knallhard på for å få mest mulige tiltaksløyvingar til Nordmøre. Kristiansund har i denne samanhengen kome svært godt ut av dette, samanlikna med andre kommunar i same situasjonen her i fylket.

Fylkestingsgruppa med underteikna i spissen, har arbeid sterkt for oppstart av nye ferjer i Nordmøre og ny Nordmørspakke. Der nye ferjer skal lysast ut i nær framtid. Det same gjelder arbeidet for Todalsfjordkryssinga og Halsafjordkryssinga, som underteikna har arbeid svært så aktivt for.

Vi har og arbeid for at  E-39 Betna – Stormyr mot Trøndelag grense i fellesskap blei prioritert på topp frå Møre og Romsdal Fylke, samrøystes frå alle parti.

Vi i FrP arbeider knallhardt for å få dette inn på Nasjonal transportplan.

For kort tid sidan vedtok fylkeskommunen 11 millionar kroner i støtte til ny ishall i Kristiansund, noko FrP og underteikna har arbeid sterkt for heile vegen. Det same gjelder ei omfattande satsing på dei vidaregåande skulane i Kristiansund spesielt. Her har FrP støtta at det har blitt brukt store beløp av fylkeskommunen sine midlar.

Å hevde at «Kristiansund og Nordmøre får ingen ting» er i beste fall ei grov omgåing av realitetane. Fleire meiner «alt reiser til Sunnmøre eller Romsdalen» ja, kva? Kva har til dømes ytre Søre Sunnmøre fått  som har mista tusenvis av arbeidsplassar?  Ikkje en brøkdel av det som ein har fått til andre delar av fylket. Det same gjelder fleire områder både på Sunnmøre og i Romsdalen.

Eg trur det no er på tide at ein begynner å «sjå klart» og begynner å omtale kvarandre her i fylket med alt anna en ein «hat retorikk» som overhode ingen er tjent med.

Samarbeid i lokallaga, fylkesting, regjering og stortinget til det beste for innbyggarane og næringslivet er det FrP kjem til å legge vekt på, og dette skal gjerast gjennom seriøst politisk arbeide.

Uansett om nokon på Nordmøre arbeider for å gå til Trøndelag, så konkluderer vi med at fylkestinget sitt samrøystes vedtak om at Møre og Romsdal Fylke består som eigen region. Derfor kjem Møre og Romsdal FrP til å arbeide vidare med dei store og viktige sakene også på Nordmøre, som til dømes ny ferjepakke/Nordmørspakken, Todalsfjordkryssinga, Halsafjordkryssinga osv.

At andre lager eit spel av dette har ikkje vi tenkt å kaste oss på, men det er openbart nokon som kanskje snart bør tenke på konskevensane dersom ein absolutt ynskjer å skifte fylke.

Eg er vande med å måtte lese mykje både på nettet og på Facebook og så vidare, og skal tole det. Men ein gammal klok mann sa til meg ein gong, at dei fleste saker har tre sider, mi, di og den rette.

Derfor er det viktig at en ikkje alltid henger seg på i debattar og konkluderar med ei såkalla sanning i media, før en faktisk er sikker på kva som er realiteten.

Realiteten er at Møre og Romsdal FrP, samt FrP generelt – både i regjering og på stortinget, arbeider for heile Møre og Romsdal fylke, definitivt også for Nordmøre.

Frank Sve

Fylkesleiar Møre og Romsdal FrP

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook