Jordvern Møre og Romsdal er ein relativt ny interesseorganisasjon som søker støtte og forståing  for jordvern som ei brei samfunnssak.

Jordvern Møre og Romsdal krev at utbygging skal skje på andre areal enn dyrka mark.

Ei synfaring på Hjelset i fjor vår viste  utgravingar på ein trasé midt gjennom noko av den beste dyrkajorda eg har sett og som betyr at den planlagte  traseen er heilt uakseptabel, sett frå eit jordvernomsyn.

Det er gjennom Jordlova vi har  lovheimel  til å ta vare på dyrkajorda eller matjorda.

Jordlova har til føremål å leggja tilhøva slik til rette at jordviddene i landet med skog og fjell og alt som høyrer til (arealressursane), kan verte brukt på den måten som er mest gagnleg for samfunnet og dei som har yrket sitt i landbruket.

Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetting, arbeid og driftsmessige gode løysingar.

Ein samfunnsgagnleg bruk inneber at ein tek omsyn til at ressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov. Forvaltninga av arealressursane skal vere miljøforsvarleg og mellom anna ta omsyn til vern av jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel for menneske, dyr og planter, heiter det i  jordlovas formålsparagraf.

Det er fylkesmannen i Møre og Romsdal som er sett til å overvake at jordlova vert etterlevd.

Fylkesmannen sendte  15.10.2012  ei fråsegn til Statens vegvesen til høyring ved oppstart av planprogram for E 39 Lønset- Hjelset, med sine merknader om landbruk:

”Frå  Lønset og austover skal veglina leggjast mellom utmark og innmark, men på Hjelset vil vegen skjære gjennom eit større jordbruksareal og føyast saman med veg E 39 over Fursetfjellet.

Vi føreset at vegen vert lagt i utmark frå Lønset og austover til Hjelset. For å ta omsyn til dyrkamarka kring Hjelset må ein søkje å legge veglina i eigedomsgrensa, for dermed å unngå dårlegare arrondering på teigane i dette området.

I området er det i kommunen si landbruksplan registrert  svært viktig dyrka  mark med særdeles god produksjonsevne,  noko vidare planprosess må ta særleg omsyn til”!

Konklusjon: Fylkesmannen viser til sina merknader og ber om at dei blir tekne omsyn til.

Synfaringa i 2016 viser det stikk motsette. I planane er det ikkje jordvernet, men dei beste optimale vegtekniske løysingar det er teke  omsyn til og som er lagt til grunn for trasevalet.

Det vart på folkemøtet på Hjelset sagt frå Statens vegvesen at ein sterkt beklaga at det gjekk med så mykje dyrka jord til det framlagte planforslaget.

Hadde det nye sjukehuset vorte lagt til Storbakken i Kristiansund hadde ein kunne spart dyrkajord ved å legge vegen høgare forbi Hjelset. No har  dei tekniske vegløysingar, i samband med sjukehusetablering på Hjelset, gjort at det vil gå  med meir dyrkajord opplyste Statens vegvesen på folkemøtet på Hjelset.

Romsdals Budstikke presenterer plana 24. januar på side 2 og 3, om korleis nyvegen til Hjelset kan bli og viser også tilkopling på Lønset med store arealkrav.

Det er nok rett som Budstikka skriv at det er gardbrukarane på strekninga som får dei største ulempene og er minst glade for den nye vegtraseen, som øydelegg fleire gardsbruk på strekninga vegen går over. Men dei kvier seg for å krevje sin rett i høve til samfunnsinteressene, som einsidig går på å løyse aukande trafikkprognoser.

Slik saka er presentert frå vegvesenet med dagens døgntrafikk på 6000 bilar, som vil auke til 9000 bilar i døgnet, er det vanskelg å vere gardbrukar og få gehør for lovheimelen i jordlova. Den seier at det er samfunnsinteressene som skal vegast og vere avgjerande for kva ein brukar dyrkajord til. Det hjelper lite med raske vegar den dagen det ikkje er mat å få dit ein kjem.

Statens vegvesen opplyste på møtet på Hjelset at nærare 100 dekar dyrka jord ville gå tapt om den framlagte traseen vert vald av Molde kommunestyre. Difor må Molde kommune i planvedtaket krevje at det same arealet med dyrkajord som går tapt vert kompensert med tilsvarande jordbruksareal for dei gardbrukarar det her gjeld. Dette kan gjerast med nydyrking, fagleg jordflytting og grensereguleringar. Dette kan ein pålegge Statens vegvesen å gjennomføre, som ein del av reguleringsplana,  fordi det er heimel for slik erstatning i veglovas § 50.

Jordvern Møre og Romsdal

Kolbjørn Gaustad, styreleiar

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook