Møreaksen vil ikkje bli bygd!

Det er fleire grunnar til det

Opstadhornet

Det ser ut til at «alle» har gløymt den viktigaste grunnen til at ein ikkje bør bygge Møreaksen. Opstadhornet på Otrøya blir rekna, som eit av dei farlegaste og mest rasutsette fjella i Norge. Hvis det skulle rase, ville det kunne medføre ei tsunamibølge på over 20 meters høgd. Det vil seie at bølga vil gå høgare enn Aker stadion. Tenk dykk den veggen av vatn, som vil fløyme mot dykk i heile fjorden si breidde. Og når denne bølgja har rast langt opp på land, vil den ta med seg alt av lausøyre når den trekker seg tilbake, og også alle båtane i småbåthamnene vil bli smadra.

Dette vil bli den verste katastrofen i Norgeshistoria. Mesteparten av Molde, samt Tomrefjord og Vestnes ville bli utsletta. De huskar vel tsunamien i Japan i 2011.

Møreaksen er då planlagt å gå nesten under Opstadhornet, og når det skal å sprengast tusenvis av dynamittsalvar i tunellane under der, er det vel heller store sjansar for at det rasar ut. For sjølv om dei liksom har tatt mange målingar i fjorden mellom Oterøya og fastlandet, er det umulig å vere sikker på slikt.

Møreaksen vil også bli alt for dyr å bygge. Tenk berre at ved den første utrekninga, ville utbygginga koste 17 milliardar, og bompengane ville bli kr. 470. No når kostnaden har stege til 34 milliardar, kva vil det koste då? Og når ein kjenner til kva slags overskridingar andre slike statlege prosjekt har ført til, ville eg ha tippa at sluttsummen hadde blitt nærare 50 milliardar. Og no har vi ikkje oljepengar å betale det med heller.

De hugsar vel Atlanterhavstunnellen frå Averøya til Kristiansund. Den var berekna å koste 635 millionar. Den kosta til slutt over 900 millionar og den vart over eit år forsinka. Dei kom borti dårleg fjell, same kor mykje dei hadde målt på førehand, og det kom inn vatten i tunellen under høgt trykk. Fleire av arbeidarane slutta, og nekta å gå ned att i tunellen.

Trur dykk forresten at det vil være gratis og drifte desse tunellane? For det første må ein montere masse store vifter for å ta unna all dieseleksosen. Dei må då stå på heile tida i desse djupe tunellane. For det andre har du lyset. Det må då stå på kraftige lysrøyr også, som kan lyse gjennom den tjukke skodda. Det hadde ikkje forundra meg om el-kraft forbruket ville være det same, som det Molde by brukar. Det er vel ikkje fritt for at det hadde blitt litt vegarbeid også, når desse store trailerane på 70 tonn, hadde måtta bremse seg ned 7-8 kilometer før dei sleit og spann seg opp at same lengda.

Stadt-tunellen

Det er no sett i gang planlegginga av Stadttunellen. Då vil det bli meir lønsamt å frakte konteinarar på båt langs kysten no, enn tidlegare. Då vi ein kunne stole på at lasten kjem fram i tide, utan å vere avhengig av pent vær. Det vil også fjerne ein del av gjennomfartstrafikken her.

Brua over Oslofjorden

I Oslo har Statens Vegvesen bestemt seg for å bygge bru over Oslofjorden i staden for tunell. Etter ei grundig vurdering av kostnader, nytte og virkning, har dei kome fram til at ei bru er best. Så dei har altså lært!

Vidar Austlid

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook