Eg har lenge vore skeptisk til dei enorme ressursane som blir brukt til å grave tunnelar under fjordane våre, og til dei ressursane som etterpå krevst til å køyre dei, med tanke på nivåforskjellen når du er langt under havbotnen og skal opp til overflata. For tunge køyretøy vil eg tru energiforbruket per kilometer blir mangedobla samanlikna med transport langs ein nokolunde flat veg.

Dette moldepanoramaet altså. Når vi tenkjer etter, veit vi at faktisk er det er svært mange dagar vi ikkje ser noko av det frå ferja i det heile tatt pga. gråvêret som ligg over oss. Og her er det store plusset med tunnelen: Kanskje kan vi få panoramaet i allslags vêr. Før vi tek standpunkt til kva vi skal meine om tunnelen, må vi få eit klart svar frå tunnelfolka på eit grunnleggjande spørsmål: Kan dei love moldpanorama i tunnelen uansett vêr?

Arnfinn Hovde