Sakte bytte vi ut båten med vegen i Møre og Romsdal. Både langs fjordane og ut til øyane. Liv og helse er første prioritet når vi byggjer veg i Møre og Romsdal. Hindre at folk blur utsette for ras. Siste åra har gang- og sykkelvegar komme sterkt både for tryggleik og at fleire finn det lurt å ferdast på dette viset. Fastlandssamband og vedlikehald av dei vegane vi har er og viktig.

SV er skeptisk til den enorme trafikkveksten som vil komme av gigantprosjekta og kanskje er Romsdalsaksen med eit ferjestrekk på tre km frå Sekken til Hjelvika det mest realistiske dei neste 25 åra. Vestnes – Molde er 11 km. Vi får starta opp med å bygge ein veg som er den mest effektive og vi legg opp til å bygge han på ein slik måte at han kan komme med på statsbudsjettet i fleire omgangar, ikkje berre i Nasjonal Transportplan – NTP, som ein draum.

Om vi bygg rett veg til rett tid har vi mykje større sjanse til å komme med. Eller trur nokon at samferdslekomiteen består av noksagtar som kan lurast til å tru at vi bygg ei effektiv transportåre for heile Møre og Romsdal når vi eigentleg driv med fastlandssamband for øyane våre. Sykkelvegar, rassikring, vedlikehald, hindre støy, effektiv transport av folk og gods gjennom heile fylket, ferjer og fastlandsforbindelse. Slik vil SV si prioritering vere og slik er Kyst-Norge. Det veit samferdslekomiteen. I alle fall mange av dei.

Bjørn Jacobsen (SV)

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook

Vegane våre går normalt aust-vest, påpeikar artikkelforfattaren. Illustrasjonen viser flyetebru Åfarnes – via Sølsnesholmene og vegen søraustover på nordsida av Veøya og høgbru til Sekken. Illustrasjon: Nordwest3D/Romsdalsaksen