Først må eg seie at eg er veldig lei dette omkamptyranniet. Når det no i tillegg har vore ei innbyggarundersøking der Møreaksen og Romsdalsaksen blir framstilt som to like prosjekt å velje mellom, då er det noko som ikkje stemmer. Det eine fjordkryssingsalternativet er ferdig planlagt, mens Romsdalsaksen er på idefasestadiet. Eg håper at nokre som støttar Romsdalsaksen kan gi svar på følgjande spørsmål:

1. Korleis kan Romsdalsaksen AS bestemme at prosjektet skal dimensjonerast for 90 km/t når "Riksveiutredningen" legg til grunn at E39 skal planleggast for 110 km/t?

2. Romsdalsaksen AS påstår at dei kan byggje vei frå Hjelvika til Hjelset for 13,5 milliardar. Berre flytebrua mellom Hjelvika og Sekken er 3000 m lang. Det tilsvarar Hafast på Sunnmøre som "Riksveiutredningen" kostnadsrekna til 38 milliardar. Kven har kome med kostadsoverslaget for Romsdalsaksen AS? Kva kostnader er tatt med? Kva for tekniske løysinger er valt? Kva usikkerheit ligg i kostnadene?

3. Er bruene og kryssa i Romsdalsaksen sitt alternativ dimensjonert og kostadsberekna for 90 km/t?

4. Tillet Kystverket og Forsvaret at Romsdalsaksen AS sperrer farleden til Åndalsnes med ei bru som har 7 m seglingshøgde?

5. Vil Fylkesmannen tillate at det blir bygd motorveg over Veøya?

6. Meiner Romsdalsaksen AS at Fannefjordtunnelen med 9% stigning i eitt løp, blir ein trygg tunnel for dei store trafikkmengdene?

Viss 5% stigning i Møreaksen er for bratt, må vel 9% stigning i eitt løp med møtande trafikk vere farlegare. Kva vil ein ny tunell koste? Er det muleg å få til ein tunell med 5% stigning opp på Bolsøya?

7. Romsdalsaksen AS har ved fleire høve, seinast i dag, hevda at det ligg inne vegprosjekt  Otrøya - Gossen og bru Gossen til fastlandet. Er det godt nok trafikkgrunnlag for å forsvare denne investeringa utan Møreaksen? Vil fylkeskommunen støtte ein slik fylkesveg?

Dette var nokre få av dei spørsmåla eg vil begynne med, og som eg går ut frå at Romsdalsaksen AS har tenkt over.

Mitt poeng er at Møreaksen har utgreidd dei ulike spørsmåla, og er klar til å bli tatt inn i Nasjonal Transportplan og ikkje minst: Regjeringa valde dette alternativet allereie i 2014.

Frits Inge Godø, varaordfører i Midsund

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook