Den 14. desember 2015 vart det fatta vedtak i Fræna kommune si økonomiplan punkt 16 c: «Sylte skole blir lagt inn i investeringsprogrammet for 2017 og 2018 med 25 millioner kroner hvert år og planleggingsmidler med 2,5 millioner kroner i 2016.»  Atter ein gong vart det jubel og glede i dei to bygdene Sylte og Malme inst i Frenfjorden. Skal det no endeleg komme ny skule? Eit nytt og betre bygg der barna våre kan lære og utvikle seg? Nokre reagerte med uforbeholden, og kanskje litt naiv, glede. Andre hadde vore gjennom dette før, fleire gongar, og blitt skuffa kvar gong. Skuffa av vedtak som ikkje vart sett ut i livet, oftast grunna den økonomiske situasjonen i kommunen.

No sit me her igjen. Det har vore fleire signal om at vedtaket om utbygging på Sylte skule vil bli vurdert gjort om, spesielt etter ein bekymringsfull tilstandsrapport om Haukås barneskule, som visstnok krever strakstiltak. Me har hatt hjartet i halsen fleire gongar, men valgt å forholde oss til dei vedtaka som politikarane har gjort og stole på at dei vert gjennomførte. No kan me ikkje sitte stille lenger. Me og barna våre kan ikkje gå i uvisse lenger. Helsa til barna våre står i fare. Malme skule, der femte-, sjette- og sjuandeklassingane går, er vedteken nedlagt, og kun heilt nødvendige grep er gjort for at elevane fortsatt skal kunne ha undervisning der. Undersøkingar viser at luftkvaliteten er dårleg, og fleire av barna slit med mellom anna hovudverk. Det er dårlege toalettforhold, for få arbeidsplassar for dei tilsette, for små klasserom og så vidare. Sylte skule er alt for liten for elevtalet som går der, og har også store manglar, mellom anna dårleg gymsal og ingen mulighet for å dusje etter gymtimane. Det er ei utfordring å få lærarane til å bli i jobben over tid, spesielt ved Malme. Dei tilsette som blir i jobben blir der nettopp fordi at ei utbygging er lova. Andre startar, ser og føler på dei dårlige forholda, og søkjer seg til andre skular. Gode, ressurssterke lærarar forsvinn og såleis også kontinuiteten i undervisninga. Dette er ikkje godt nok!

Administrasjonen og nokre av politikarane i Fræna kommune jobbar no for å sette utbygginga på Sylte på vent. Dei ønskjer å utrede eit storskulealternativ i Elnesvågen, der dei vil samle elevar frå Malme, Sylte, Haukås og Tornes skulekrinsar. Ein storskule med 600 elevar. Me ønskjer ikkje dette! Befokninga, bygdafolket, veljarane ønskjer ikkje dette. Me ønskjer ikkje ein skulekrins som strekkjer seg frå Sandsbukta til Gule, der små barn må sitte på buss i lange tider for å komme seg til skulen. Me ønskjer ikkje ein skule der elevane berre blir ein del av ein elevmasse, der kvart barn må kjempe for sin rett til å bli sett. Me ønskjer heller at elevane skal ha muligheten til å finne nye venner og skifte miljø når dei begynner på ungdomsskulen i åttande, mange treng dette då, men ikkje før.

Sylte og Malme er to bygder som sakte men sikkert veks seg saman til ei. Det er utbyggings- og tilflyttingspotensiale, det er allereie planlagt eit stort byggefelt med plass til 150 bustadar og 500 innbyggarar i Lauvåsen, rett over vegen for Sylte skule. Det er vel ganske truleg at det kjem til å bu barn i nokre av desse husa. Folkevekst der, altså. I Holamyra Næringspark i Malmefjorden er det stor aktivitet med allereie etablerte bedrifter og bedrifter som er i gang med nye næringsbygg. Ei utbygging av Sylte skule kan ha betydning for vidare etablering av næringsvirksomhet i området. Med ein eventuell bomring i Molde vil fleire firma sjå på muligheten til å flytte virksomheten sin ut av byen, og då er industriområdet i Malmefjorden eit aktuelt alternativ.

Malmefjorden er ein attraktiv plass å bu, og ein opplever tilflytting frå andre kommunar. Argumentet er mellom anna nærhet til skule; det er mulig å bu i Malmefjorden, levere barn på skulen som ligg tre minutt unna, og likevel ha grei tid på jobb kanskje heilt på andre sida av Molde sentrum. Skal alle barna fraktast inn til Elnesvågen i staden, er me redd for at terskelen for å flytte til «andre sida» av tunnellen er lågare, og at folk vel å flytte ut av kommunen. Me har tru på at fleire som no vurderer å flytte til Årølia heller vil sjå mot Lauvåsen dersom Sylte skule vert bygd ut. Dette fordi at Årølia stadig strekkjer seg lengre mor Røbekk og avstanden til Kviltorp skule aukar. Det vil være betydelig kortare vei mellom nyefeltet i Lauvåsen og Sylte skule enn mellom Årølia og Kviltorp skule. Med nærhet til barneskulen vil det bli mindre behov for bil- og busskøyring, og slik ein tryggare skuleveg for elevane. Det er godt utbygde gang- og sykkelvegar i krinsen, og mellom Lauvåsen bustadfelt og skulen er det planlagd undergang.

Fellesskapet, samarbeidet og dugnadsånda står sterkt i bygda vår. På Sylte skule står det ferdig ein flott kunstgrasbane med lyssetting til mørke kveldar. Der er det aktivitet stort sett kvar ettermiddag og kveld. Malmefjorden Idrettslag brukar bana til treningar og kampar, og elles vert bana brukt av barn og unge både til fotball og anna aktivitet, nesten heile døgnet. For Malmefjorden IL betyr ei nedlegging av skulen mest truleg at idrettslaget også vert nedlagt. Skulen er den viktigaste arenaen for rekruttering til idrettslaget. Ein ser at når barna når ungdomsskulealder og begynnar på Fræna Ungdomsskule, melder dei og overgang til Elnesvågen og Omegn Idrettslag. Utan rekruttering vil Malmefjorden IL sakte men sikkert døy ut. Idrettslaget ønskjer å være med å skape gode holdningar og fokusere på Fair Play hos spelarane i lokalmiljøet, noko og skulen profiterar på. Skulen er viktig for idrettslaget og idrettslaget er viktig for skulen. Like ved kunstgrasbana ligg ein populær apejungel der barn kjem og leikar både på vekedagar og helg, ikkje alle kjem frå Sylte og Malme krins heller. Både fotballbanen og apejungelen er bygd på dugnad. Foreldre, idrettslag og bygdafolk har stilt opp for skulen og bygda dei er glad i. Det er yrande liv på og rundt skulen kvar dag i veka. Skulen er grunnsteinen i bygda vår!

Me ber om at politikarane må la bygda vår få leve og utvikle seg. La oss behalde skulen og bygge den ut slik me er lova. Det er vår tur no!

Onsdag 5.oktober vil det haldast folkemøte om skulesaka. Der vil politikarar, bygdafolk og andre engasjerte møtast til debatt. Møt opp på Vonheim bygdahus klokka 20.00!

For bygda:

Sylte og Malme FAU v/ leiar Liv Kari Sandblost

Sylte og Malme Grendautvalg v/ leiar Kjell Arild Grindvik

Malmefjorden IL v/leiar Gunnhild Rørset

Sylte og Malme Ungdomslag v/ leiar Roar Øverlien

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook