Kommunestyremøtet i desember 2016 ser ut til å kunne bli skjebnesvangert for bygdene på nord- og sørsida i Rauma kommune. Frå 2017 kan kommunen stå att med berre ein ungdomsskule, på Åndalsnes. Rådmann Vassli har lagt fram sitt forslag til budsjett, og i Romsdals Budstikke 29.09, slår han nærast fast at ungdomsskulane på Åfarnes og i Måndalen må leggast ned - elles "kommer vi til å vasse i problemer hvert år framover." Det er positivt at forslaget til budsjett blir lagt fram i god tid, det gir rom for ein open prosess. No må tida framover brukast til å få fram viktige konsekvensar for Rauma-samfunnet, og etter vårt syn, lage eit alternativt budsjett, slik at vi kan oppretthalde ungdomsskular på Åfarnes og i Måndalen. FAU ved Åfarnes skule ønskjer å bidra inn i debatten med nokre synspunkt på samfunnsmessige konsekvensar av den foreslåtte skulenedlegginga.

Det skjer mykje bra i Rauma, og vi registrerer at andre ser til oss blant anna når det gjeld naturgledevisjon, utvikling av Romsdalseggen, Tindesenteret, festivalane våre, og utvikling i Åndalsnes sentrum. Dei fleste store investeringane har skjedd på Åndalsnes. Dette er også naturleg, då Åndalsnes er kommunesenteret vårt. Eit sterkt Åndalsnes er viktig for Rauma, og bra for bygdene rundt.

Kommunen er definert som ein egen bu- og arbeidsmarknadsregion, og her ligg vel også ei av dei største utfordringane for kommunen; nemleg at arbeidsmarknaden er for snever. Rådmannen viser dessutan til at befolkningsveksten ikkje har gått så raskt som han hadde håpa på. Den som følgjer med på finn.no vil også sjå at boligsalet i Rauma går tregt om dagen.

Den samfunnsmessige konsekvensen ved å avvikle ungdomstrinnet på Åfarnes trur vi vil slå svært dårleg ut for hele Nordsida, men det vil også verke på heile raumasamfunnet. I første omgang gir det seg til uttrykk ved manglande tillit til eigen kommune, som på nytt foreslår å legge ned skulen. Denne saka gjer dessverre at mange allereie har eit anstrengt syn på utvikling av kommunesenteret. Det er lite konstruktivt for raumasamfunnet at folk i bygdene er provosert over ny gatestein i sentrum. Det gjentatte forslaget om å sentralisere ungdomsskulane i ein kommune med stor geografisk utstrekning bidreg ikkje til å styrke samhald og raumaidentitet som det har vore jobba grundig for å styrke. Mange lurer no på om målet er at utvikling og vekst berre skal kunne skje i kommunesenteret.

Vi stiller oss undrande til kvifor administrativ og politisk leiing i kommunen ikkje ser potensialet i nord- og sørsida av kommunen jamfør utfordringane som nemnt over? I staden for å sjå på Nordsida og Sørsida som utkant og utgiftspost, burde dei sett mulegheita i å legge til rette for utpendling til arbeidsmarknadsregionane som grensar til Rauma (Molderegionen og Ålesundregionen). Vi som bur på Nordsida og pendlar til Molde opplever nemleg ikkje at vi er utkant! Tvert imot så er det faktisk veldig greitt å pendle mellom Åfarnes og Molde. Å pendle mellom Åndalsnes og Molde blir derimot blir for langt for dei fleste. (Rett nok synest ein visst at ungdomsskuleelevar kan pendle ein ca tilsvarande strekning for å gå på grunnskule…)

Nordsida kunne vore ein attraktiv stad å bu for mange pendlarar til molderegionen (og er det allereie for ein god del!). Dersom kommunen la til rette for bustadutvikling i Åfarnes-området, ville kommunen nytt godt av skatteinntekter utan å stille ein einaste arbeidsplass til veie. Rauma kunne fått "bonus"-innbyggjarar som ikkje finn den rette arbeidsplassen innanfor kommunegrensa. Eit bein til å stå på. Det skal seiast at kommunen rett nok har starta utbygging av bustadfeltet ”Åfarnes 2”, men ein nedleggingstruga skule verkar neppe stimulerande på salet av tomter.

Vi har ikkje noko ønske om å konkurrere med Åndalsnes. Eller å ha skule i kvar bygd - vi har allereie vore gjennom ein prosess med samling av barneskulane. Men vi treng eit stabilt grunnskuletilbod på Åfarnes for at det skal vere attraktivt for barnefamiliar å bu på Nordsida. Elles blir kvardagen så tungvint at folk ikkje kjem til å vurdere å flytte hit – eller dei som bur her i dag kjem til å gi opp. Det er allereie fleire som seier at dei kjem til å flytte fordi dei ikkje vil at ungane skal bruke eit par timar i buss kvar dag, når dei flytta hit nettopp for at ungane skulle gå på ein god skule i nærleiken. Dette er alvorleg for Nordsida. Men det er alvorleg for Rauma og. Nedgang i folketalet på Nordsida betyr også nedgang i Rauma. For dei som eventuelt flyttar frå Nordsida kjem ikkje til å flytte inn til Åndalsnes – dei kjem til å flytte ut av kommunen.

Det er dessutan interessant – og ikkje rent lite provoserande - at ein "rekneskapsteknisk feil" kan bli årsak til ein varig endra skulestruktur i Rauma kommune. Om ein føljer Vassli sin argumentasjon, er det iallfall freistande å trekke ein slik konklusjon. Skular må leggast ned for at vi skal kome oss ut av ROBEK, og 2017 blir av Vassli løfta fram som spesielt utfordrande. Litt påfallande at det er nettopp i 2017 at skolestrukturen må endrast. Vi synest elevane ved Åfarnes og Måndalen skular må betale ein høg pris for å få budsjettet i balanse.

Avslutningsvis vil vi igjen uttrykke at vi er svært glade for at budsjettforslaget ligg på bordet i god tid før vedtak om budsjett og økonomiplan skal gjerast. Vi vil med dette utfordre politikarane i Rauma om å bekrefte at vedtaket frå kommunestyremøtet i desember 2015 om å oppretthalde 3 ungdomstrinn i kommunen; på Åfarnes, Åndalsnes og i Måndalen, fortsatt står, og utfordre dei til å utarbeide alternative budsjett som kan berge skulane våre. Nok ein gong.

Med helsing

FAU ved Åfarnes skule

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook