Mount Everest.

Eit fjell, ei legende, som lokkar til seg mange tusentals turistar kvart år. Alle tek ikkje den lange og tunge vegne til toppen. Men alle flyg til Lukla flyplass, som vart bygd med det føremålet å ta imot besøkande turistar frå Katmandu, til ein stad som ligg i høveleg avstand frå Mount Everest base camp.

Her vandrar turistar på opptrampa stiar. Vart det bruk for ei bru eller ein utsiktsplass, vart det tilrettelagt for mange årtier sidan. Turistane vandrar kun med lett dagsekk, og alt anna utstyr ber sterke lokale krefter. På eit av dei mange tehus langs stien til base camp, et dei maten dei treng på turen.

Nepal er eit land som mange vandrarar drøymer om å reise til. Det å vere i eit miljø der nokre av verda sine høgaste fjell er svært nærverande, og å oppleve det dei gjestfrie menneska i ein av verda sine mest spennande kulturar tilbyr, vert eit minne for livet. Inntekta frå den tilrettelagde turismen, er Nepal sin livsnerve.

Naturopplevelse i modern forvaltning

Sverige sin konge, Carl Gustaf XVI opna Fulufjället nasjonalpark i september 2002.

Rett øver grensen til Noreg, i den svenske nasjonalparken Fulufjället, har dei tilrettelagt for besøkande. Dette konseptet er ein kopi av liknande og vellukka satsingar i USA.

Fulufjällets Nasjonalpark representerer ei nytenking i svensk nasjonalparksforvalting og turismeutvikling.

Området er delt inn i fire ulike opplevingssoner, der dei har tilrettelagt for besøkande medplatformer for god utsikt, trapper, grusstiar, benkar der ein kan kvile seg, kvilestover til bruk i dårleg ver og mykje meir. Friluftslivet og turismen har utvikla seg både i og rundt om nasjonalparken, og mange land har gjennomført besøksstudier der.

I dei omfattande diskusjonar før dette, handla det om korleis parken skulle bli eit førebilete for moderne forvaltning, og ikkje minst korleis turisme og naturvern skulle utviklast hand i hand. Fleire var med på utviklinga av parken, blant anna fylka, kommuner, WWF og representantar frå besøksnæringa i området.

Om vi ser på område der turismen har blomstra i Noreg, er dette destinasjonar med tilrettelegging for turistar. Dette er utviklingsprosjekt som har skapt stor merksemd langt utanfor Noreg sine grenser.

Nord for Polsirkelen har turismen fått eit sterkt oppsving hos lokale turistbedrifter, der det har blitt skapt nære og lette turistopplevingar i vakre naturomgjevnader. Dette takka vere god forvalting av moglegheitene den verdsberømte Hurtigruta byr på.

Fleire plassar der vi ser positive ringverkningar av tilrettelagd turisme i Noreg er for eksempel:

* Trapper og stiar bygd rundt om i norske fjell, langs fjordar og opp på fjelltoppar av Nepalenska sherpas

* Sjusjøen, Norges mest populære skiområder tilbyr omtrent 300 km preparerte turistløyper i skogs- og fjellterreng.

* Alle golfbaner i Noreg

* Valladal opplevelsepark

* Via Ferratan i Loen, Straumsfjellet & Hindrum fjordsenter trekker til seg tusentals besøkande kvart år

* Utsiktspunkter med spektakulær utsikt ved Trollstigen, Gudbrandsjuvet, Vøringsfossen, Romdsdalseggen & Bordalsgjelet i Voss, er tilrettelagt for publikum med informasjonstavler, utsiktspunkter og benker

* Besseggen med parkering og båt tilrettelagt for den vakre fjellturen over egga

* Norges største privata forening; DNT, har 500 hytter i Norsk vild natur, rundt 20.000 kilometer merkede sommerruter over hele landet og 4300 kilometer merkede vinterruter i Sør-Norge.

* Skianlegg som Stranda, Trysil, Hemsedal, Hafjell, Stryn sommerskianlegg og Voss med fleire, populære for utandørsaktivitetar sommar og vinter

Friluftsliv før alle, en dubbelmoralsk utopi?

I Dagens Næringslliv, 3. september 2015, kunne vi lese om tilrettelagt turisme:

«Når man åpner for å tilrettelegge for en bestemt opplevelse, fjerner man samtidig andre opplevelser. Det gjør naturen flat og forutsigbar. ....... Og når man går på en sti som er plantet med grus, så vil lyden overdøve opplevelsen av det rundt deg. I tilrettelagt natur trenger man ikke ta ansvar, man kan stå utenfor og kikke inn, men man blir aldri en del av den.»

- Annette Bischoff, forsker og institutt leder, Høyskolen i Telemark

Bischoff påstår og at det er lite bruk for tilrettelegging, og at den amerikanske modellen for tilrettelegging i naturen er feil veg å gå. Eg spør «For kven -  og er dette ikkje allereie gjort i stor skala ?»

Ser en på alle de ovanstående punkter, der ein har tilrettelagt naturopplevelser, er det tydeleg at denne bølgen av tilrettelegging begynte for lang tid sida, da verdens første Airbnb-organisasjonen – den private medlemsorganisasjonen DNT - bygde dei første hyttene i norsk natur, rydda og la oppmerkte stier til dei samme.

Siterar Thomas Heftye, DNTs stifter: "Lad oss gjøre det let og billigt, at riktig mange kan komme og se, hva der er stort og vakkert i vort land".

Spørsmål henger i luften, kven ønsker Anette Bischoff å invitere inn i norsk natur?

Bare dei flinke, raske og veltrente friluftsmenneska – kledd i kompresjonstights for optimal prestasjonseffekt eller skall norsk natur vere ein arena for alle?

Destinasjonselskap – en sovande dinosaur?

Eit viktig arbeid for destinasjonsselskap, turistnæring, fylkeskommunene, DNT og kven det måtte vere, er å vise veg og vere utviklande og våge den openbart forbudte, men i smug gjennomførte tanke: tilrettelagt turisme.

For ei stadig veksande gruppe menneske ønsker å besøke Noreg sitt vakre landskap.

Framtida til destinasjonsselskapa (organisasjonar som prøvar å marknadsføre og finne nye vegar i ein stadig vanskelegare kvardag) kan vere dei som viser vegen til ei ny satsing i norsk turismeutvikling.

Turistkontora har tidlegare vore ein opplysingssentral for lokal informasjon, medan dei no er profesjonelle konferansearrangørar og -besøkarar, der lite og i mange høve ingenting vert skapt.

Turistar i dag finn og brukar informasjon frå bloggar og forum, på hotell eller andre overnattingsstader, den lokale restauranten eller puben, hjå taxisjåføren, bussjåføren eller andre menneske dei møter som turist. Bøker som «Lonely Planet» og «Wilmaguiden» har framleis gode rettleiingar til komande turistar. Takka vere internett og profesjonelle nettsider for turistar, har destinasjonsselskapa mista grepet om turistane. Håpar desse selskapa kan finne sin plass att, og bli innovative og nyskapande.

Ei god start vore å gløyme konferanser og møter. Istaden sjå på kva verda gjer.

Kopier utvikling som kan og bør kopierast. Noreg har høvet, å plukke opp hansken er det vanskelege. Den og dei som vågar ta det første steget, vert alltid utskjelte. Men når den store massen ser at det går, følgjer resten med.

Vi må ikkje la små og sære interessegrupper styre framtida for korleis norsk natur og den stadig viktigare turistnæringa skal utvikle seg.

Hadde berre vakker og urørt natur vore trekkplaster til Noreg, hadde vi runne over av besøkende frå heile verda. Eg byrjar å bli meir og meir overtydd om å la dei besøkende vise kva for ein veg denne utviklinga skal vandre.

Ei har tru på urørt natur, eg har også tru på natur som er besøkt av de som ønsker oppleve verdas vakreste land, uten å vandra på umerkte, gjengrodde stier

Vårt lille land har plass til alle besøkande.

Fredrik Sigurdh

---

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook