Eg er ei gammal dame. Eg er i alle fall godt over 67. Dermed er eg definert inn i eldrebølga. Som skal komme for fullt om ca. 10 år. Eg lever midt i livet. Det gode livet har eg nå, slik som eg hadde det då eg var 25, og 50. Det gode livet vil eg leve, heile livet. Til eg ein dag dør.

Eg bur i Molde kommune. For nokre veker sidan var det val. Mange frå ulike parti flagga høgt at dei vil arbeide for at denne kommunen skal vere god å bu i. At det skal vere gode oppvekstvilkår. At folk skal møtast med verdighet. Respekt. Eg hugsar ikkje om nokon snakka om at det også skulle vere ein god plass å dø. Det var vel for farleg. Nå snakkar fleire av dei innvalde politikarane om «sammenlignbare kommuner». Om «gruppe 13». Om eldrebølga som er så dyr. Om stykkpris for ein sjukeheimsplass. Om pleie/omsorg som er «god nok». Og «forsvarleg nok». Om innstramming. Nedlegging. Omstrukturering. Det er jo tid for budsjettarbeid!

I dag – 26.11.2015 - les eg i Romsdals Budstikke (då reknar eg med at Romsdals Budstikke har referert korrekt, både sakspapir og kommentarar) atter ein gong om politikarar som strevar med budsjett og budsjettsprekk. Rapporten om «Gjennomgang av pleie- og omsorg inkl. tiltak funksjonshemmede» ligg på nettet. Rådmannen vil ha ein gjennomgang av kvalitetsstandaren i eldreomsorga, kanskje standarden er for høg.

Eg spør: For høg kvalitet – i forhold til kva? Kva ligg til grunn for denne uttalen? På kva område vil ein/bør ein senka standarden? Det har ikkje lukkast meg å få sendt over nåverande kvalitetsstandard i dag. Så finst den? Er den tilgjengeleg for ålmenta?

I Molde kommune er vi mange gamle, dvs. over 67 år. Ser ikkje politikarane at det er nettopp fordi kommunen har vore (er?) ein god stad å bu i, at så mange blir gamle her? Når det blir stilt spørsmål om reingjering i heimen og hjelp til å dusje kanskje må verta sjeldnare i framtida, så lurer eg på kvar ein vil, ynskjer ein å arbeide for ein sjukdomsframkallande omsorg? God helse har faktisk mykje med god hygiene å gjere. Og god hygiene har faktisk med trivelege sosiale relasjonar å gjere. Og gode sosiale relasjonar – både i eigen heim og ute i samfunnet - har faktisk med eit godt liv å gjere. Kan ikkje våre politikarar sjå dette og sjå den gode samanhengen mellom dette og det gode liv, like til døden møter oss, så trengst det intern-opplæring til. Folkehelseperspektivet gjeld faktisk oss som er gamle også, om vi er 67 pluss eller 90. Eit godt liv – heile livet. Eg finn meg ikkje i lenger å til stadighet bli definert som bare ei plage for kommuneadministrasjon og folkevalde politikarar.

«Godt nok» og «forsvarlig» er omgrep som har vore brukt frå overordna i kommunen. Omgrepet «godt nok» vert ikkje forklart ut frå innhald, men som eit postulat. Det same gjeld « forsvarleg» Eg spør: Forsvarleg i høve til kva? Godt nok i høve til kva? Kanskje er det dette som gjer meg usikker på kompetansen i overordna organ når det gjeld innhald i eldreomsorga. Eller er det slik at ein ikkje tør – i kommunestyremøte og i sakspapir – setje ord på kva som er innhaldet – kjernen – i det å vere menneske, til og med eit gammalt menneske?

Kong Olav V skal ein gong ha sagt: «Med begeistring som drivkraft kommer du lengst!»

Kjære politikarar: Kvar finn eg begeistringa dykkar over å bli vist tillit til å styre ein kommune som har mange gamle over 67 år? Eg vert så inderleg lei og trist av at eg – og mi aldersgruppe som er 67 pluss - på nytt og på nytt vert omtala som eit problem for administrasjon og folkevalde. Er de klår over at de på denne måten snakkar ned ei stor gruppe? Og eg undrar meg på om kva menneskesyn som ligg til grunn for slike utsegn.

«Hvor skal vi dø?» og «Hvor skal vi bo?» har vore overskrift i Romsdals Budstikke (14.11.2015 og 21.11.2015). Eg vil føye til: Korleis skal vi leve godt til vi dør i denne kommunen, dersom politikarane manglar/misser heilskapsperspektivet på eldreomsorga?

Budsjett og budsjettstyring er politikarane sitt ansvar. Rapporten som tidlegare er nemnd, handlar stort sett om pengar og skal hjelpe dei folkevalde til å styre betre. Slik er den truleg bra. Men: Det er også eit politikaransvar å snakke om det gode liv, like til vi dør. Og det er eit politikaransvar å snakke vel om sine innbyggarar, ikkje bare at vi som er 67 pluss er eit problem...

--

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook