Ein kunne og tatt med at ferjekaia på Furneset til dei nye elferjene skal rustes opp for millionar og at fleire felt er laga over Ørskogfjellet. Møreaksen trengs ikkje.

Spørsmålet blir då om vi skal kaste elferjene og korfor skal vi ha to vegar over Ørskogfjellet?

Det var planlagt mange mil i tunell mellom Ålesund og Molde før Sunnmørsposten kom på bana med meir tunell. Ingen trur vel at folk vil bruke livet sitt på å pendle inne i mørket?

Yrkessjåførane som må fram vil ikkje ned eller inn i dei mørke hol. Dei vil ha seg litt mat, kanskje ein dusj ombord i ferja og få godskreven kviletida si før ein lang tur.

Tida er over for gigantprosjekta. Vi treng gode bruksvegar mellom ferjene først.

Det som står for tur er ei gigantisk satsing på gang og sykkelveg i Ålesund, Molde og dei andre byane og tettstadane i fylket vårt. Brøyting og strøing så dei kan brukast året rundt er sjølvsagt. Potensialet er stort for å få folk fram dit dei skal. Folkehelsa snakkar eg ikkje om!

Folk flest skal til skolen, til jobben, på trening, på besøk og på butikken. Dei skal ikkje til nabobyen så korfor ikkje putte dei store pengane dit folk skal og ikkje inn i tunellar?

Bjørn Jacobsen fylkesleiar Møre og Romsdal SV

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal