Vi som arbeider her, kjenner oss ikkje igjen i den framstillinga som har vore i media og det som har blitt presentert frå Aukra kommune si side. Det bekymrar oss at FAU i møte med kommunen har fått eit bilete av at dette er ein prosess som har vore god og at vi på skolen har blitt ivaretatt og høyrde på.

I utgangspunktet ønska vi ikkje å involvere oss offentleg i denne saka. Det vi ønska og håpa på, var å få gehør og svar frå kommuneleiinga og å gå inn i ein prosess i lag med dei både for å finne ut av kvifor tala er slik dei er, og for å legge planar framover. Det er sant at vi har hatt møte med kommuneleiinga, men vi opplevde derimot verken å bli trygga eller å få svar på spørsmåla våre på det møtet. I ettertid er det heller ingen frå kommunen som har følgt opp noko av det som blei diskutert med oss. Vi ser oss difor nøydde til å uttale oss om korleis vi har opplevd denne prosessen.

Vi opplevde i november å få vite at vår nye rektor hadde sagt opp stillinga si. Dette betydde for mange av oss at vi får vår tredje rektor på ganske få år. I tillegg har det vore utskifting av avdelingsleiarar, pluss at vi i fleire periodar har gått med berre ein avdelingsleiar på heile skolen. Det bekymrar oss at ikkje forholda ligg til rette for å ha ein stabil skoleadministrasjon som kan jobbe systematisk og over tid med utfordringane vi har på skolen vår. Vi lurer på kva Aukra kommune har tenkt å gjere for å rekruttere og, ikkje minst, behalde gode skoleleiarar ved skolen vår.

Det er med dette i bakhovudet at vi har sett på budsjettala for 2024 og stussar over at GBU tilsynelatande får meir per elev enn oss. Vi lurer ikkje på kvifor GBU får så mykje, det er vi glade og takknemlege for. Dette er ikkje ei oss mot dei-sak. Det vi lurer på, er kvifor vi får såpass lite.

Så langt har vi ikkje fått noko tydeleg svar. Vi har blitt fortalde at Aukra kommune ikkje har ein tildelingsmodell for skule, og at det derfor ikkje går an å forklare kvifor vi får så mykje (eller så lite) som vi får. Vi har blitt forklart at Julsundet skole i fleire år har sprengt budsjettet med fleire millionar, og at vi har hatt eit forbruk dei siste åra som ligg litt over GBU per elev.

Tilsynelatande kan det høyrest ut som om Julsundet skole blir driven på ein uansvarleg måte og at vi ikkje klarer å halde oss til dei økonomiske rammene som vi burde kunne halde oss til. Det er ikkje slik vi opplever det. Vi opplever ein kvardag som berre akkurat går rundt, og det kun fordi vi tilsette strekker oss, utfører fleire oppgåver enn vi eigentleg skal og støttar kvarandre og elevane. Vi opplever at det er vanskeleg å drive framoverretta og forebyggande når vi i budsjettramma ikkje har råd til dei tilsette vi treng for å dekke eit minimum av klassar og elevar som treng ekstra oppfølging.

Då er det vanskeleg å få høyre at det ikkje er noko forklaring på kvifor vi får den summen vi får. Når driftsnivået i så mange år har lege langt over det budsjetterte nivået, kvifor har det ikkje ringt ei bjelle i kommuneadministrasjonen før no? Aukra kommune skal no til med å lage ein tildelingsmodell for skole, men kvifor har ikkje dette blitt gjort i god tid før denne budsjettrunden? Og kvifor ønskjer rike Aukra kommune å legge eit budsjett til grunn for drift ved ein av skulane som er langt under det noverande driftsnivået, utan å undersøke kva som kan eller ikkje kan kuttast?

Vi opplevde i haust å få ein ny rektor som heilt frå start både støtta oss og stilte høge krav til oss. Han har på kort tid bygd opp stor tillit, og vi opplevde at han ville tenke langsiktig og bygge opp ein skolekultur der vi over tid kunne komme oss dit at vi kunne drive mindre brannslukking og meir førebygging. Vi hadde gitt mykje for å få behalde han.

Tenk om Aukra kommune kunne vore ein kommune som sa: «Vi satsar på ungane og ungdommen!», og tildelte midlar deretter! Aukra kommune er no i ein omstillingsprosess der vi skal førebu oss på ei framtid med store demografiske endringar. Vi blir færre unge og fleire eldre. Kva er då meir framovertenkt enn å satse stort på nettopp desse unge som vi skal lene oss på i nær og fjern framtid?

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal