Når Orten forsøker å sverte meg fordi både vår Stortingsgruppe, fylkestingsgruppe, og fylkespartiet klart og tydeleg har sagt NEI til Møreaksen så lever eg meget godt med dette. Ja, Orten har vore både i Transportkomiteen og lenge på Stortinget, og ein burde kanskje sett snurten av dette innan samferdsel her i fylket. Einaste ein har opplevd er at det meste utanom Møreaksen, er trenert og skubba ut i tid.

Møreaksen som aldri her i fylket har vore prioritert på topp, har reist avgårde med mange hundre mill kr i vekkasta planlegging. Resten av fylket sine samferdselsprosjekt har fått lide brutalt av dette. Forklar Helge Orten og Høgre, kvifor E-39 Veibust- Blindheim- Moa , forklar kvifor denne vegen med sine over 25000 bilar i døgnet ikkje har blitt prioritert av Høgre? Forklar Helge Orten, kvifor du som leiar i Transportkomiteen ikkje klarte å prioritere.prosjektere og levere løyvingar til utbygging av heile E-136? Prosjektet som har vore ubestridt nr 1 på prioriteringane her i fylket i over 20 år? Sjølv i dag står store delar av E-136 som ikkje planlagt/prosjektert, med bakgrunn i at Statens vegvesen sendte planleggingspengane og ressursane til Møreaksen istaden. Jadå, eg veit at vi hadde ministrar, men eg veit også kven som var «sjefen» og Statsminister i den borgarlege regjeringa.

Ein ting er ivertfall sikkert, med eit Høgre som har ei holdning på omtrent same nivået som regjeringa ang pengebruk, ynskjer høge skattar, skyhøg drivstoffprisar og milliardar i elektrifisering av sokkelen og det som verre er, blir det ikkje ei kr til andre vegprosjekt her i fylket dei neste 10-20 åra, dersom Møreaksen skulle bli bygd. Derfor kjempar er og FrP fortsatt imot «galskapens prosjekt» Møreaksen. Blir dette skrota ein gong for alle, opnar det seg opp både reelle og økonomiske muligheiter for mengder av vegprosjekt i heile Møre og Romsdal i åra framover. Eg fremma sist år eit dok 8 forslag i Stortinget om å prioritere heile E-136 Ålesund-Bjorli, Orten og Høgre stemte imot.

Eg fremma også for nokre veker sidan eit nytt dok 8 forslag i Stortinget om prioritering av E-39 Veibust-Blindheim- Moa, skal bli inntresant å følge med kva Orten og Høgre stemmer då? Så får det være Orten og Høgre si sak å fortsette med denne vanvittige politikken ikring Møreaksen. Eg og FrP derimot skal love å kjempe imot Møreaksen til dette er skrinlagt for godt, og vi skal kjempe for midlar og realisering av:

- E-136 Ålesund -Bjorli

- E-39 Veibust-Blindheim-Moa

- Ny veg E-39 forbi Batnfjorden

- RV 15 Strynefjellet m/arm til Geiranger

- Voldatunellen

- RV 70 fleire prosjekt

For å nevne nokre gryteklare prosjekt her i fylket, som Møreaksen har torpedert så langt.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal