Ordførar Oddvar Myklebust i Sandøy fekk mykje plass i media i romjula. Det var ikkje avtalen ordføraren hadde underteikna på vegne av kommunen om å gi den avgåtte rådmannen, Ann-Heidi Paulsen Orvik, ein sluttavtale verd om lag 1,8 millionar kroner som vekte størst oppsikt, men måten ordføraren handterte spørsmåla kring offentleggjering av avtalen på. Først ville ikkje han ikkje gje ut avtalen då lokalavisa Nordre etterspurde han. Seinare uttalte ordføraren seg om korleis han meiner det er rett å stelle seg til Offentleglova. «Dei er til for å brytast når dei kan brytast. Sånn er det berre», uttalte ordføraren ifølge lokalavisa då han forklara seg om Norges lovar.

Offentleglova er vedteken av Stortinget for å sikre innsyn i offentleg forvaltning, mellom anna korleis kommunane blir styrte. Lova er ikkje laga særskilt for journalistar, men for at kven som helst skal kunne få innsyn. Når innbyggarane får innsyn i korleis det offentlege styrer og vurderer ei sak, er det med på å styrke tilliten til avgjerdene som takast.

Kan hende finst det nokon som synest utblåsingane frå ordføraren i Sandøy er friske når dei kjem rett frå levra. Vi kan forstå at ordføraren etter ei konfliktfylt tid i kommunen har tynnsliten tålmod når media tek kontakt. Men like fullt: Ordføraren er kommunen sin juridiske person. Han underteiknar kontraktar og avtalar på vegne av innbyggarane. Sjølvsagt skal innbyggarane vere trygge på at ordføraren held seg til norsk lov, også Offentleglova, og opptrer med respekt for lovverket. Og sjølvsagt skal innbyggarane i Sandøy og andre få vite at Sandøy betalar 1,8 millionar kroner for å få skifta ut rådmannen. Pengane blir tekne frå dispoisisjonsfondet – ein reserve kommunen har å bruke til mange formål. Når ordførar Myklebust får denne saka på avstand, er vi viss på at han ser at han skulle ha handtert offentleggjeringa av rådmannsavtalen annleis. Sandøy var forbilledleg då formannskapet la ut protokollen etter hastemøtet 30. desember om inndekkinga av dei 1,8 millionar kronene, og det før nyttårsaftan var omme. Openheit bygger tillit.

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook