Akkurat no kjem dei fleste flyktningane frå Ukraina, dei flyktar frå krig og naud, undertrykking og okkupasjon.  Det vert sagt at det første som forsvinn i krig er sanninga. Begge partar i ein krig vil forsvare si sak og det er skremmande å sjå korleis Russland greier å forføre eit heilt folk med usanningar og styring av informasjonen. Ytringsfridomen er knebla og dei frie ytringane er erstatta med løgn og undertrykking.

Bjørnstjerne Bjørnson kjempa i si tid for rettferd for enkeltmenneske, fridom og sjølvstende i heile Europa. Han var ei stemme som vart lytta til. Molde var i mange år medlem i det internasjonale fribynettverket (ICORN) men kommunestyret valde å melde seg ut i 2020.

I Bjørnsons ånd vil Bjørnsonfestivalen sterkt oppmode Molde kommune om å ta opp att statusen som friby for forfølgde forfattarar med å melde seg inn i ICORN. I Noreg samarbeider dei med Norske PEN som organiserer mottak av forfattarar som har måtte flykte for å berge livet. Vi ønsker at Molde igjen skal delta som friby for forfølgde og undertrykte skribentar; det vere seg forfattarar, journalistar eller andre som ytrar seg mot undertrykking og knebling av ytringsfridomen.

Det er ein føresetnad at det er kommunen som er vertskap for fribyforfattaren og står som medlem i fribynettverket.

Bjørnsonfestivalen si rolle i samanhengen vil vere fagleg oppfølging på språk, form og ytring. Vi kan tilby eit fagleg og sosialt miljø og ein arena gjennom dei tre pilarane vi har i dag: Bjørnsonfestivaluka, Litteraturhus Møre og Romsdal og heilårsaktiviteten med opne arrangement gjennom heile året.

I Bjørnsons ånd kan Molde kommune, i samarbeid med  Bjørnsonfestivalen, vere med å styrke og støtte  frie ytringar og forfølgde skribentar gjennom deltaking i fribyordninga.

Økonomisk er dette truleg utan ekstra kostnader for Molde kommune: deltakaren er vanleg kvoteflyktning gjennom FN systemet og i tillegg vil kommunen motta stipend fra UDI for tilrettelegging.

Styret i Bjørnsonfestivalen

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal