30. april er fristen for å levere inn. Når det er snakk om skattemelding, vil vi tru dei fleste tenkjer på tal, og det er naturlegvis viktig å sjå til at dei er rette. Men også bokstavane – språket – er viktig.

Dei aller fleste i våre område får skattemeldinga anten på bokmål eller nynorsk. Og sjølv i eit nynorskdistrikt som vårt, er det slik at om ingen ting er sagt, kjem meldinga gjerne på bokmål – sidan det er fleirtalsspråket i kongeriket. At ein som nynorskbrukar får meldinga på bokmål, er ille nok. Men i tillegg kjem følgjande: Det språket du får skattemeldinga på, er også det språket det offentlege har registrert som ditt språkval.

Difor er det viktig at du som er nynorskbrukar, gjer noko med dette, om du skulle få meldinga på bokmål. Ekstra viktig er det sjølvsagt for deg som får skattemelding for første gong  å melde frå kva språk du vil bli registrert på no – og i framtida.

Kva kan du så gjere? Er du mellom dei som får meldinga på papir, er der ei eiga rute for å krysse av for språkval. Får du skattemeldinga digitalt, og det er nok dei fleste etter kvart, må du logge deg inn på www.noreg.no.  Når du kjem inn på sida, klikkar du på  feltet «Oppdater kontaktinformasjon» og finn der staden du kan logge inn.  Du kan så, etter at du har identifisert deg, velje kva språk du ønskjer å vere registrert på. På denne staden finn du og kva anna kontaktinformasjon som er lagra om deg (e-postadresse, telefon og liknande), så det kan også vere god grunn til å kike innom for å sjå til at alt er som det skal vere.

Mållaga har hatt ein årleg aksjon for å minne om dette  i samband med skattemeldinga med plakatar, flygeblad og digital påminning.  Vi veit at dette arbeidet har bore frukter, og vi kjem sikkert tilbake med likande aksjonar. I år kjem vi med denne enkle påminninga, og vonar det også blir lagt merke til. Språk er viktig!

Helsing

Aukra Mållag, Hustadvika Mållag, Molde Mållag og Romsdal Mållag

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal