Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for at mange dyktige entreprenørar drifter og held ved like 3200 kilometer fylkesveg. Det er like langt som om du skulle satt deg i bilen og køyrt herifrå via København til Barcelona. Med ein gong vintervêret sett inn, skrider eit stort apparat til verket for å halde vegane våre opne og trygge. På sett og vis er vi som fotballdommarar. Vi er best når alt fungerer, og ingen merkar at vi er der.

Du skal trygt fram

Målet med vinterdrifta er å sikre at du kjem deg trygt dit du skal, på best moglege vegar. Vi vil gjere perioden med vanskelege tilhøve i vintervêret så kort som vi greier. Det inkluderer òg dei som går og syklar, på gang- og sykkelvegane.

Vinterdrift av vegane er eit eige fagområde. For at vi skal få gjort jobben er det viktig at entreprenørane, og vi som styrer, vel dei retta tiltaka, til rett tid. Til dømes må riktig salt eller riktig sand leggjast ut på rett underlag, til rett tid, og rett temperatur.

Over 300 fagfolk frå bransjen, og nokre eigne tilsette, har i år vore på kursa til Møre og Romsdal fylkeskommune, for at alle skal vere godt førebudd på vinteren. På dette området skjer det mykje spanande. Kunstig intelligens, sensorteknologi og bruk at data, er på full fart inn i vinterdrifta av vegane. Til dømes ønskjer vi å bruke slik teknologi til å treffe endå betre med salting av vegane. Det vil seie å nytte akkurat så mykje salt som trengs, som igjen er positivt med tanke på økonomi og miljø.

Langt igjen til nullvisjonen

Vinterdrift av vegane kan vere ein heftig jobb. Nokre gonger blir tilhøva slik at vi skulle vi ha vore over alt, samtidig. Det går ikkje når det kjem eit ekstremt snøfall eller det skjer andre ting som gjer jobben ekstra krevjande. Våre dedikerte entreprenørar jobbar for fullt med alt tilgjengeleg mannskap i desse høva, for at vegane skal vere så trygge som mogleg.

Skal vi unngå dei tragiske ulykkene så er vi avhengige av at du som trafikant bidreg med det du kan. Dei fleste alvorlege trafikkulykkene der nokon døyr,  eller blir hardt skadde i Møre og Romsdal, skjer på fylkesvegnettet. Ein stor del av ei alvorlegaste ulykkene er utforkøyringsulykker. Vi veit òg at dårleg brøyting aukar risikoen for møteulykker. Talet på  trafikkulykker har gått jamt og trutt nedover. Men det et er framleis langt igjen til vi når nullvisjonen vår.

I Møre og Romsdal blir om lag 20 personar kvart år enten hardt skadde eller drepne i trafikken på fylkesvegane våre. I Norge skjer dei fleste og dei alvorlegaste utforkøyringsulykkene i sommarsesongen, mens møteulykkene oftast skjer på vinteren.

Kva kan du som trafikant bidra med?

Her er nokre tips som ikkje har gått av moten og som vi ønskjer du skal ta med deg ut i trafikken:

  • Køyr ikkje fortare enn forholda tillèt, bruk setebelte og ver edru.

  • Skal du sykle eller gå, bruk sykkellykt og refleks.

  • Vi brøyter best når vi køyrer mellom 25 og 40 km/t . Ver tolmodig, unngå farlege forbikøyringar.

Trygge og gode vegar er altså mykje meir enn berre å brøyte vegen. Det er eit samspel mellom deg som god trafikant, dyktige entreprenørar som står på til alle tider, og vi i fylkeskommunen som styrer. Men vêr og vind rår vi ikkje over.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal