Utbygginga har tilført regionen store verdiar og sterke vekstimpulsar, langt utover det ein såg for seg den gang. Både direkte verknader gjennom auka regional sysselsetting, og dei indirekte verknadane både i anlegg- og driftsfase har blitt langt større enn departement og direktorat «spådde» før oppstart. Dette er dokumentert gjennom fleire analyser frå Arild Hervik/Møreforsking.

«Vi må henge sammen eller bli hengt hver for oss.» (Jan P. Syse)

Å samle kommunane i fylket om ein felles strategi viste seg avgjerande for at det blei ilandføring, at Aukra vart valt, og at heile regionen fekk nytte av Ormen. Dåverande fylkesordførar Ole Eimund Øverland seier det slik: “Vårt bodskap til alle var frå første dag at det å få gassen til land er ei så vanskeleg oppgåve i ei eigargruppe der alle tenker offshoreutbygging at berre det absolutt beste ilandføringsalternativet må finnast - om det skal ha den minste sjanse til å konkurrere med utbygging offshore. Kommunane var lojale mot dette.” Hadde vi halde liv i lokaliseringsdebatten her i fylket, hadde neppe gassen kome til land i det heile tatt.

Skål for Ormen: Statsminister Kjell Magne Bondevik serverte ananasbrus på kontoret etter vedtaket. Frå venstre rundt bordet: Ole Øverland, Aud Mork, Kjell Magne Bondevik, Ståle Nogva, Trond Kristiansen, Ottar Befring, Bengt Lie Hansen og Jon Aasen. Foto: Olav Skjegstad

I RB kunne vi 31.10. 2000 lese ein artikkel med overskrifta: «Går samlet inn for gass til Romsdal». Ordførarane i Molde, Aukra, Midsund og Fræna fortel at dei er blitt samde om: «Kommer ett eller flere av ilandføringsalternativene på Romsdalskysten til finaleomgangen, vil vi samlet gå inn for det eller de alternativer Hydro ønsker å gå videre med. Hydro har gitt uttrykk for at en ønsker å være velkommen på stedet som blir valgt, noe som betyr at lokal motstand og konflikter åpenbart blir tillagt betydelig vekt.» Dette er første steg på vegen til det som skulle bli GassROR – eit heilt unikt samarbeid og eit regionalt fond for samfunnsutvikling.

Ilandføringsanlegget på Nyhamna. Foto: Shell

GassROR vert til

Hausten 2001 dannar Fræna, Molde og Midsund samarbeid GassROR og få månader seinare blir Aukra, Sandøy og Eide med. Omlag eit  år seinare underteikna kommunane ei samarbeidsavtale med følgande hovudpunkt:

– Alle kommunane skulle arbeide for at det blei ilandføring av gass til Aukra.

– Dersom det blei ilandføring skulle:

  • dei utgiftene Aukra fekk dekkast av alle 6 kommunane.

  • det etablerast eit fond for næringsutvikling i regionen finansiert av ein del av meirinntektene kommunane fekk grunna ilandføring.

2. april -04 samrøystes vedtak Stortinget:

Stortinget samtykker i at Olje- og energidepartementet godkjenner plan for utbygging og drift av Ormen Lange og gir tillatelse til anlegg og drift av landanlegget på Nyhamna.

I 2005 vert GassROR eit  Interkommunalt selskap, Sandøy kommune går ut av samarbeidet og fylkeskommunen blir med. Selskapet skal forvalte eit regionalt utviklingsfond, og det vert utarbeide retningslinjer for fondet og korleis det skulle finansierast.

I 2015 vert Nesset, Rauma og Vestnes innlemma i selskapet.

Bengt Lie Hansen, Terje Uthus, Hydro og Aukra-ordførar Aud Mork tok første spadestikket for Ormen Lange-anlegget på Nyhamna. Foto: Kjell Langmyren

400 millionar til regional utvikling

Fondet er finansiert med 10% av eigedomsskatten frå utbygging i Aukra og Hustadvika, eit fast tilskot frå fylkeskommunen og tilskot basert på innbyggartal frå dei andre kommunane. Bidraget frå Aukra utgjer nesten 90 %.

GassROR IKS har sidan -07 delt ut nesten 400 mill. kroner til ulike tiltak i regionen, og dei årlege rammene ligg no på nær 30 mill. Tilskota frå GassROR utgjer i dei fleste tilfella mindre enn 50 % av totalbudsjett. Dette betyr at fondet har bidrege til å realisere utviklingstiltak for fleire milliardar i regionen. Mange av desse tiltaka ville aldri blitt realisert utan støtte frå GassROR, eller dei ville blitt langt mindre omfattande.

Det er gitt fleire hundre tilskot, frå 10 tusen kroner til eit nærmiljøtiltak til 90 millionar til Haukebøtunellen og 70 millionar til nysjukehuset på Hjelset.

Viktige aktørar innafor næringsutvikling i regionen som iKuben og Protomore har opp gjennom åra fått viktige bidrag frå fondet.

Reiseliv har blitt ei stor næring i regionen, og GassROR har gitt støtte i millionklassen til Midsundtrappene, Prestakslatrappa, sjøfront både i Vestnes og i Molde og Romsdalsgondolen for å nemne nokre få.

Kultur er viktig i ein attraktiv region. Mange av dei store, regionale kulturinstitusjonane og arrangementa, som t.d. Moldejazz, Rauma Rock,  Atlanterhavsspelet  og Romsdalsmuseet har fått støtte, men og mange mindre festivalar og arrangement står på lista. Innan idretten finn vi store beløp til t.d. Skaret skisenter og ny bilbane i Malmedalen pluss mange mindre beløp til alt frå lys i lysløyper til ballbingar.

Dette er berre eit lite utval – og vi ser fram til å støtte viktige initiativ også i åra som kjem.

Klar for dei neste 20 åra

For å få eit enno betre kunnskapsgrunnlag om utvikling og utfordringar i regionen har GassROR tatt initiativ til å samle sentrale aktørar i det vi har kalla «Romsdalspanelet». Gjennom dialog med og mellom viktige samfunnsaktørar i regionen skal vi ivareta arven frå dei som gjorde jobben for å sikre «Ormen til Aukra» for meir enn 20 år sidan.

Vi trur at regionen treng enno meir samarbeid og samhald i ein realitet med skjerpa kamp om ressursane, arbeidskrafta og kunnskapen. Framover ønskjer GassROR å ta ein meir aktiv rolle i arbeidet med å skape eit attraktiv region, og har vedtatt ei spissa strategisk plattform der det blir peika på innovasjon, regionbygging og strategisk samarbeid som viktige område.

Vi vil fokusere enno meir på dei store samfunnsutfordringane regionen står overfor, anten gjennom å delta i å utvikle andre sine initiativ eller ta eigne initiativ til større utviklingsprosjekt. Vi skal legge til rette for auka og meir forpliktande samarbeid i regionen, og strategisk samarbeid utover regionen der vi er tent med det.

«Ormen» er sjølve fasiten på korleis ein region skal lukkast saman, og gevinsten, eit heilt unikt fond for regional utvikling, gir oss muskelen for å lukkast også i framtida.

Dronning Sonja og kong Harald på Nyhamna i 2003. Her saman med ordførar Aud Mork og direktør Bengt Lie Hansen, Hydro. Foto: Kjell Langmyren

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal