Møre og Romsdal 13. september 2016

Til Stortinget v/ Forsvarskomiteen og parlamentariske leiarar

Stortinget skal hausten 2016 handsame Langtidsplanen for Forsvaret, Prop. 151S (2015-2016)). Regjeringa foreslår i Langtidsplanen ei sterk nedbygging av Heimevernet i Sør-Noreg. Eitt av framlegga er å legge ned HV11 - heimevernsdistriktet som dekker Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vi vil på vegne av våre kommunar på det sterkaste motsetje oss framlegget om nedlegging av HV11.

I motsetnad til alle andre deler av landet, har Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ingen annan militær tilknytning enn Heimevernet. Nedlegging av HV11 og nedbygging av Heimevernet vil ha alvorlege følgjer for samfunnstryggleiken i vår del av landet både i krig og fredstid.

Heimevernet er i dag landsdekkande med 11 HV-distrikt, ca 45.000 soldatar og 500 fast tilsette. Heimevernet utgjer omlag 70% av tal soldatar i Forsvaret sin operative struktur - men brukar mindre enn 3% av forsvarsbudsjettet. Heimevernet er eit landsdekkende landforsvar med god reaksjonsevne, evne til å halde ut over tid og lokalkunnskap. Heimevernet opererer også i nært samarbeid med sivilsamfunnet i kommunane i Møre Romsdal og Sogn og Fjordane, med oppimot 3. 200 soldatar disponible i to fylkane. Heimevernet er ei berande søyle i totalforsvaret saman med Politi og Sivilforsvar.

I Regjeringa sitt framlegg til Langtidsplan for Forsvaret er Heimevernet foreslått redusert med 12.000 HV-soldatar på land. Det vesentlege av kuttet skal takast i Sør-Noreg. HV-distrikt 11 (Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden) er foreslått nedlagt. I tillegg er Sjøheimevernet foreslått nedlagt.

Dette betyr omfattande sentralisering og kraftige kutt i heimevernet på Nordvestlandet. I praksis vil HV si rolle som del av samfunnstryggleiken og Totalforsvaret mellom Trøndelag og Hordaland falle bort med Regjeringa sitt framlegg. Kommunane i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vil oppleve kraftig reduksjon i Heimevernet si evne til:

  • Å verje samfunnskritiske objekt og infrastruktur

  • Å vere tilgjengeleg på kort varsel, slik at forsvarseiningar med god lokalkunnskap kan løyse militære oppdrag

  • Å samhandle med og støtte det sivile samfunnet ved ulykker og større hendinger.

  • Å rekruttere mannskap til Forsvaret i vår del av landet

Kort oppsummert: Blir HV11 nedlagt, har Noreg i praksis ikkje lenger eit landsdekkande forsvar.

Då har Forsvaret trekt seg ut av ein del av landet med 400.000 innbyggjarar, eit areal nesten på storleik med Danmark, krevjande topografi og kommunikasjonar (reisetid nord/sør 10 timar) og som står for ein stor del av nasjonal verdiskaping og samfunnskritisk energiforsyning som store vasskraftanlegg og ilandføringsanlegg for gass.

Ut frå dette vil vi fremje eit krystallklart krav om at Stortinget seier nei til framlegget om nedbygging av Heimevernet i Sør-Noreg og nedlegging av HV11. Noreg må framleis ha eit landsdekkande forsvar. Vi kan ikkje akseptere at storsamfunnet stryk vår del av landet frå forsvarskartet, og svekker vår samfunnstryggleik drastisk både i krig og fred.

Underskrivne ordførarar frå alle 36 kommunar i Møre og Romsdal:

Ingunn O. Golmen - Ordfører Aure(Sp)

Ingrid Rangønes - Ordfører Averøy(Sp)

Knut Sjømæling - Ordfører Gjemnes(Sp)

Kjell Nergaard - Ordfører Kristiansund(Ap)

Ola Rognskog - Ordfører Halsa (Sp)

Ola T. Heggem - Ordfører Rindal(Sp)

Roger Osen - Ordfører Smøla(Ap)

Ståle Refsli - Ordfører Sunndal(Ap)

Lilly Gunn Nyheim - Ordfører Surnadal(Ap)

Milly Bente Nørsett - Ordfører Tingvoll(Ap)

Bernhard Riksfjord - Ordfører Aukra(Ap)

Egil Strand - Ordfører Eide(H)

Tove Henøen - Ordfører Fræna(Sp)

Odd Helge Gangstad - Ordfører Midsund(Sp)

Torgeir Dahl - Ordfører Molde(H)

Rolf Jonas Hurlen - Ordfører Nesset(H)

Lars Olav Hustad - Ordfører Rauma(H)

Geir Inge Lien - Ordfører Vestnes(Sp)

Harry Valderhaug - Ordfører Giske(KrF)

Vebjørn Krogsæter - Ordfører Haram(Sp)

Anders Riise - Ordfører Hareid(H)

Arnulf Goksøyr - Ordfører Herøy(H)

Arne Sandnes - Ordfører Nordal(Sp)

Dag Vaagen - Ordfører Sande(H)

Oddvar Myklebust - Ordfører Sandøy(Ap)

Dag Olav Tennfjord - Ordfører Skodje(H)

Eva Hove - Ordfører Stordal(Ap)

Jan Ove Tryggestad - Ordfører Stranda(Sp)

Jim Arve Røssevoll - Ordfører Sula(Ap)

Jørgen Amdam - Ordfører Volda(Ap)

Karen S. Aanes - Ordfører Ørskog(Ap)

Odd Jostein Drotninghaug - Ordfører Sykkylven(Sp)

Knut Erik Engh - Ordfører Ulstein(FrP)

Lena Marie L. Sande - Ordfører Vanylven(V)

Stein Aam - Ordfører Ørsta(Sp)

Eva Vinje Aurdal - Ordfører Ålesund(Ap)

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook