Dette er eit heilt horribelt overtramp, sidan Helse M&R advarer på det sterkaste med grunngjeving i pasientsikkerheita.

Den aller viktigaste vurderinga som må gjerast når ein skal vurdere innføring av HP er nettopp pasientsikkerheita. Det har vore store problem med systemet så langt, og det ser ikkje ut som det blir noko betre med det første.

Vi ser at tillitsvalte på sjukehusa i fylket ADVARAR på det sterkaste dei store konsekvensane ved innføring no, det er også sterkt kritisert frå både Helsetilsynet og sentrale skikkelsar ved St. Olavs som har hatt store utfordringar, med alvorlege konsekvenser for pasientar. Vi meiner at synet pasientsikkerheita er den viktigaste vurderinga ein må ta når ein skal vurdere innføringa av HP.

Gjemnes skal få saka opp om innføring av HP igjen neste veke, vi kjem til å gjere det vi kan for å stoppe innføringa av Helseplattformen i Gjemnes Kommune! Vi kan ikkje risikere sikkerheita til pasientane for dette prestisjeprosjektet til Helse Midt som er gått “ad-undas” og blitt eit pengesluk utan sidestykke.

Vi håper at resten av kommunestyret og ordførar Knut Sjømæling støtter oss i denne saka! Ordføraren har tidlegare ytra seg positivt til HP, då vil vi stille følgjande spørsmål til ordføraren: Skal vi skrote HP med omsyn til pasientsikkerheita til innbyggjarane, eller skal vi ture på med HP utan å ta omsyn til pasientsikkerheita?

Joakim Myklebost Tangen

Gruppeleiar Gjemnes FrP

Katrine Myklebost Tangen

Kommunestyrerepresentant Gjemnes FrP

Marvin Skjærseth

Kommunestyrerepresentant Gjemnes FrP

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal