Ei undersøking med svenske ungdomar har mellom anna undersøkt på kva måte dei unge som ikkje drikk alkohol skil seg ut frå dei som drikk. Forskarane har no fått nokre svar. I forskning.no har Høgskolen i Innlandet 11. mars i år presentert litt av funna dei har i denne ungdomsstudien, som dei har gjort saman med svenske forskarar.

For oss i IOGT Region Midt-Norge er det kjekt å lese at studiar no viser at stadig færre ungdomar drikk alkohol. Det er også interessant det som vert sagt om kva forhold dei unge har til foreldra sine. Vi har eit program som heiter Sterk & Klar, som nettopp går på dette å styrkje foreldrerolla.

Ny undersøking

Dei siste åra har norsk tenåringsdrikking vorte mindre enn då tenåringsdrikkinga mot slutten av 1990-talet nådde ein topp. Den samme trenden ser ein no over heile Europa.

Førsteamanuensis og psykolog Karin Boson har undersøkt unge som drikk alkohol og unge som ikkje gjer det.

“– Vi ble egentlig veldig glade for å se at ungdom som ikke drikker, på eget initiativ åpner opp og involverer foreldrene i hva de gjør og tenker, mer enn de som drikker. Det er en veldig positiv sak.” Det fortel Boson i saka som Ole Martin Ringlund har skrive i forskning.no.

Dette forskingsprosjektet har vorte gjort saman med to andre forskarar ved universiteta i Göteborg og Stockholm; Kristina Berglund og Sabina Vlasman.

600 ungdomar spurt

Forskarane har følgt 600 ungdomar i Sverige frå dei fylte 12 til dei vart 17 år.

Fire ganger i løpet av denne perioden har dei same ungdommane svart på spørsmål om mellom anna haldningar til alkohol, om problemåtferd, psykisk helse, kva slags sosialt liv dei har, om dei har brukt andre rusmiddel – og altså kva slags forhold dei har til foreldra sine.

“– Det som er spesielt med denne studien, er at vi har sett på den samme gruppa ungdommer over tid. Det er også unikt at vi har fått tak i ungdommer som ikke har drukket alkohol overhodet”, fortel Boson.

Nokre av funna

Konklusjonane frå denne svenske studien viser mellom anna at:

Ikkje-drikkarane har eit noko meir ope forhold til og dialog med foreldra sine enn dei som drikk.

Foreldrea til ikkje-drikkarane har meir kontroll over og kunnskap om kva borna driv med, kvar dei er og kva dei gjer

“– Det er ingen grunn til å tro at det vi har funnet her, ikke gjelder for norske ungdommer. Dette har overføringsverdi. Vi har sett de samme trendene for alkoholbruk blant ungdommer i både Sverige og Norge. Vi er jo naboer og er veldig like i mye”, seier Karin Boson.

“– Alkohol er ikke på samme måte som det var for eksempel på 1990-tallet en voksenmarkør. Alkohol er sannsynligvis ikke lenger en del av ritualet tenåringer må igjennom for å bli voksne i samme grad som før”, seier Karin Boson.

Forskaren ved Høgskolen i Innlandet seier at for å stimulere trenden med redusert alkoholkonsum kan samfunnet til dømes satse på fleire rusfrie stadar for ungdom. Det kan også vere lurt å støtte foreldre i korleis dei handterer russpørsmål med ungdomane sine.

Takk til Høgskolen og dei svenske universiteta

Vi i IOGT Region Midt Norge takkar Høgskolen i Innlandet og dei svenske forskarane for at dei har gjennomført denne studien. For dei som eventuelt vil lese heile saka, ligg lenkje til saka ved under her.

IOGT Region Midt-Norge

Leiar Per-Arne Lillebø og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes

Kjelde:

https://www.forskning.no/alkohol-og-narkotika-barn-og-ungdom-hogskolen-i-innlandet/ungdom-som-ikke-drikker-har-et-annet-forhold-til-foreldrene-sine/2334190?fbclid=IwAR3IkZ_WZf5Uq2_NReyHsrHWAfHmwNUPk60wuugGRMXpDD2DR1AihXmwdjg [22.2.2024]

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal