I verdens rikaste land må kvinner vente i gjennomsnitt 7 år før de blir diagnostisert med endometriose. Mellom 5-10% av kvinner slit med endometriose, noko som kan forårsake store smerter og det finnes enda ingen kur. At vi jenter skal stå i helsekø i fleire år og ikkje få tilstrekkeleg med hjelp er skammeleg. De som har pengar er heldige nok til at de kan gå til private aktørar og kjøpe seg frem i køen, samtidig som resten står på venteliste i årevis.

Endometriose er en kronisk sjukdom der eit slimhinnelignande vev veks utanfor livmorhula. Symptoma på endometriose er typiske men uspesifikke og dette er en av grunnene til at mange kvinner får en rekke feildiagnoser. Endometriose fører til at kvinner og unge jenter ikkje kjem seg på verken skule eller jobb. Mange klarer ikkje å komme seg opp av senga, ete og fleire får komplikasjonar med fødsel og graviditet.

Det er i dag alt for lite kunnskap om kvinnehelse og sjukdommar som endometriose, korleis dei påverkar oss og korleis vi kan kurere dei. Vi i Fremskrittspartiets Ungdom har tre klare tiltak til korleis vi vil løyse dette:

  • Styrke kvinneklinikkane i helseregionane.

  • Opprette eit nasjonalt kompetansesenter for endometriose, adenomyose og andre spesifikke kvinnesjukdommar.

  • Sørge for at ny forsking og kunnskap om kvinnehelse inkluderast i utdannings- og behandlingsapparatet.

Dagens regjering har vist sidan dag en at de ikkje ønskjer å prioritere kvinnehelse. Noko av det første dei gjorde var å kutte i tilskot til viktige stiftelsar som Amathea og la ned fleire fødeklinikkar. Noko som heller ikkje hjelper var fjerninga av fritt behandlingsvalg, noko som fører til at vi ikkje får velgje den hjelpen som passer oss som individ best.

Eg er stolt av å være medlem i Fremskrittspartiet og Fremskrittspartiets Ungdom som ønskjer å ta de viktige problemstillingane vi kvinner står ovanfor på alvor. Vi må få på plass nasjonalt kompetanse senter og styrke kvinnehelsetilbud over hele landet – ikkje kutte slik dagens regjering har gjort.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal