KRONIKK

Er trygg på dimensjoneringa av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal

Illustrasjon: Helse Møre og Romsdal 

Kronikk

Den siste tida har media skrive om utfordringar med korridorpasientar og kritikk mot dimensjoneringa av norske sjukehusprosjekt. Dette skapar diskusjon og spørsmål om vår planlegging av Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR)

SNR vil sikre innbyggarane i Nordmøre og Romsdal eit framtidsretta og moderne sjukehustilbod og vi har som mål å tilby betre kvalitet på tenestene, auka pasienttryggleik, auka opningstider og kortare ventetider.

I Helse Møre og Romsdal kjenner vi godt til utfordringane dei beskriv ved St. Olav i Trondheim, A-hus og Sykehuset Østfold. I planlegginga av SNR har vi hatt tett dialog med dei ansvarlege frå bygg- og organisasjonsarbeidet ved sjukehusa for å lære av erfaringane dei har gjort seg både før, under og etter oppstart av drifta.

85 prosent i beleggsprosent

Vi planlegg ikkje med korridorpasientar i det nye akuttsjukehuset, og har lagt til rette for einerom på Hjelset. Til forskjell frå Østfold, planlegg vi med ein beleggsprosent på 85 prosent. Sjukehuset Østfold hadde krav om en beleggsprosent på 90 prosent frå Helse Sør-Øst.

Ved akuttsjukehuset på Hjelset planlegg vi med 197 senger og vi er trygg på at det skal dekke behovet i framtida. Målet vårt er å tilby pasientane våre ein betre og meir effektiv behandling ved å tenke nytt rundt behandlingsformar og organisering av tenestene.  I framtida vil mange av våre pasientar få tilbod om dagbehandling i staden for døgnbehandling. Pasientar som får dagbehandling i dag, vil i framtida kunne få tilbod om poliklinisk behandling og heimebehandling.  I tillegg vil fleire av dei kirurgiske behandlingane som krev innlegging i dag kunne løysast som dagbehandling i framtida. Styrkinga av pasienttilbodet gjer at pasientar kan skrivast ut raskare, noko som bidreg til eit redusert behov for senger.

Det er utfordrande for alle partar at utskrivingsklare pasientar blir liggjande for lenge innlagt på sjukehus. Vi ønskjer derfor å styrke samhandlinga og dialogen med kommunane for å sjå korleis vi kan betre samarbeidet om desse pasientane i framtida.

Fleksible rom

For å stå godt rusta til å møte endringar i sjukdomsbilete og behandlingsmetodar i framtida, er SNR planlagt med stor grad av fleksibilitet. Dei fleste poliklinikkrom er planlagt slik at man kan veksle på bruken etter behov. Det er mogleg fordi romma har identisk storleik og utforming. Etasjane med sengerom er utforma slik at dei enkelt kan gjerast om til poliklinikkrom. Det er også lagt til rette for at ein ved behov kan bygge på fleire etasjar ved akuttsjukehuset.

Anna løysing for akuttmottak

Medieoppslaga frå Kalnes viser at dei tilsette opplever at det er trongt om plassen. Akuttmottaket i Østfold har vist seg å vere for lite, og det er planlagt utvida. Etter vårt besøk i Østfold for to år sidan, valte vi å planleggje akuttmottaket annleis  basert på faglege vurderingar. Vi får eit godt akuttmottak ved SNR med ein korttidspost med senger der pasientar kan ligge opp til 48 timar til observasjon.

Prøve ut i forkant

For å gje pasientane eit betre tilbod både ved akuttsjukehuset på Hjelset og ved det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund, vil vi ta i bruk fleire nye løysingar som vi ikkje har i Helse Møre og Romsdal i dag. Einerom, korttidspost og åtte timar effektiv drift av poliklinikkrom er døme på løysingar i SNR som vil krevje at vi jobbar annleis i framtida enn det vi gjer i dag. Sjølv om einerom gir positive effektar, som redusert smitterisiko, betre moglegheiter for konfidensielle samtaler med pasientane, besøk av pårørande på rommet, samt ro og betre søvn for pasientane, verker einerom inn på drifta og vi må finne nye løysingar.

I tida fram mot innflytting vil vi jobbe tett med dei tilsette og pasientrepresentantar gjennom fleire organisasjonsutviklingsprosjekt. Vi vil sikre eit godt pasienttilbod, effektiv pasientflyt og gode logistikkløysingar. Vi vil teste robustheita i løysingane og vi vil sjå på korleis vi skal drifte nye areal på best mogleg måte. Vi er også oppteken av å sikre at tilsette får ein god arbeidskvardag både ved akuttsjukehuset på Hjelset og ved det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund og vil sjå på korleis vi kan leggje til rette for fleksible arbeidstidsordningar.  

Vi legg opp til å utforme felles pasientforløp i forkant av innflytting for å vere best mogleg forberedt før 2022. Derfor er det pågåande arbeidet, med brei involvering av tilsette i HMR, pasientmedverking og samarbeid med kommunehelsetenesta, så viktig. 

Pasienten si helseteneste skaper vi saman 

Endringar i demografi, sjukdomsbilete, pasientrettigheiter og forventningar, vil saman med meir kunnskap, nye behandlingsmetodar, bruk av moderne teknologi og utstyr utfordre helsetenesta til kontinuerleg forbetring og endring. Samtidig aukar ikkje ressursane i takt med forventningar og moglegheitene. Dette krev at Helse Møre og Romsdal, saman med kommunane må jobbe annleis og smartare enn det vi gjer i dag. For vi har eit felles mål om å gje pasientane våre eit best mogleg helsetenestetilbod.

Espen Remme, adm.dir. i Helse Møre og Romsdal.

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook