Riksantikvaren sette ved midlertidig vedtak om vern av Antonbua ein stoppar for planlagt utvikling i dette viktige sentrumsområdet. Då eit samla kommunestyre 18. april 2016 vedtok å utvikle området, var det under føresetnad av at kommunen forplikta seg til å ta vare på Antonbua. Etter dette har rådmannen arbeidd vidare, og forsøkt å balansere alle dei omsyna som må ivaretakast, både i høve til tekniske utfordringar, verneomsyn, økonomi, arkitektur m.v.

Gjennom heile 2016 arbeidde kommunen ut frå ein føresetnad om at Antonbua skulle hevast. Bua er plassert så lågt i høve havnivået at springfloa kan gå over kaikanten og inn i førsteetasjen. Etter å ha innhenta bygningsfagleg kompetanse som har spesialområde på bevaring av slike bygg, fekk kommunen ei tilråding om ikkje å heve Antonbua. Etter det vi forstår er dette også eit krav frå kulturminneforvaltninga, at bua skal stå på dagens høgdekote.

Parallelt arbeidde rådmannen med dei økonomiske utfordingane. Bevaring gjennom bruk vart sentralt i denne tankegangen, og etter kvart kom tanken om at ved å fornye andre og tredjeetasjen i Antonbua kunne dette bli godt eigna lokale for administrasjonen i kommunen.

Ved gjennomføring av arkitektkonkurransen i 2017, vart spørsmålet drøfta mellom dei deltakande arkitektane ved oppstarten av prosjektet. Også her fekk kommunen eit klart råd om ikkje å heve bua, og dette vart lagt inn i grunnlaget for konkurransen. Arkitektane viste mange spenstige løysingar, som alle bygde på at førsteetasjen fortsatt skulle vere sjøbu, eller eit lokale slik innreidd at det ikkje er øydeleggande om springfloa kjem inn over kaia.

I siste kommunestyremøte, der vinnaren av arkitektkonkurransen skulle kårast, kom politikarane på banen. Fleirtalet kravde her at arkitekten måtte utgreiie ei heving av bua. Fram og tilbake er som kjent dobbelt så langt, og det er ikkje rart at dei tilsette no såg for seg nye utsetjingar.

Det er viktig for kommunen å vere ein påliteleg samarbeidspartnar. Når vi har inngått ein avtale med kulturminnemyndighetene, må vi vere pålitelege også her. Vi har alt  innretta oss ved å rive delar av bygningsmassen, og vi har fylt opp sjøområdet utanfor.

Heile kommunestyret har no eit ansvar for straks å finne ei løysing, slik at våre tilsette får gode arbeidsforhold. Som politikarar kan vi ikkje vere både arkitektar, bygningskyndige og økonomar. Detaljane i prosjektet må vi overlate til våre fagfolk, og så får vi ta dei politiske vala. Vi er opne for raskt å ta ei endeleg avgjerd om nye administrasjonslokale, helst i desembermøtet. Avgjerda må vere  basert på ei god og grundig  saksutgreiing frå rådmannen. Vi treng ikkje fleire stopp i denne prosessen som alt har vore lang og krevjande både for politikarar, rådmann og tilsette.

Frits Inge Godø (V)

Magne Reiten (Sp)

Arnstein Misund (KrF)

Midsund kommunestyre

--------

Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!

Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal

Følg Nordvest Debatt på Twitter

Følg Nordvest Debatt på Facebook