Landsmøtet i SV vedtok fem krav som partiet vil ha innfridd om det skal binde seg til forpliktande samarbeid med Arbeidarpartiet. Dei fem krava er som følgjer:
1. Kamp mot ulikskap og fattigdom: Solid auke i barnetrygda.
2. Bekjempe klimaendringane: Inga konsekvensutgreiing av Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe) og oljefrie Mørebankar. Aps kompromissløysing er heilt uaktuell.
3. Fleire lærarar i skulen. Nasjonal lærarnorm på skulenivå: maks 15 elevar pr. lærar frå 1.-4.klassesteg, maks 20 elevar per lærar frå 5.-10.trinn.
4. Velferdstenester utan profitt: Forby utbytte frå drift av private barnehagar, barnevern og asylmottak.
5. Nedrustinga har stansa og dei ni atomvåpenstatane utviklar nye atomvåpen. Noreg må difor ha ei pådrivarrolle i SN-forhandlingane om eit atomvåpenforbod.
Når SV no fossar fram på målingane – ikkje minst i Nord-Noreg – blir desse krava både viktigare og vektigare. Og dette er synspunkt og krav som har brei tilslutning i det norske folket.
VG kommenterte punkta 20.03. på følgjande vis: ”SVs fem punkter kan ende som en tannløs markering fra et parti som mister reell betydning i norsk politikk, men kan like gjerne ende som det som definerer venstre side i et nytt regjeringssamarbeid.” Ikkje noko mindre! Med 5.7% i snitt på dei siste målingane og over 10% i Nord-Noreg, må Ap ta SV på alvor, særleg når både dei sjølve og KrF dalar på meiningsmålingane. Som mange har skjøna: Det er reelle sjansar for å få SV-toppen i Møre og Romsdal, Yvonne Wold, inn på tinget.
Den som synest dette er rimelege og gode krav og som ønskjer ein annan miljø-og fiskeripolitikk, ein tydeleg kultur- og språkpolitikk, kamp mot velferdsprofittørar og rettferdig fordeling: Stem SV!
Øyvind Fenne, Fræna SV/Møre og Romsdal SV
--------
Vil du skrive i På tråden? Legg inn ditt korte innlegg her!
Vil du skrive leserinnlegg? Skriv inn ditt innlegg her!
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt - Rbnetts nye meningsportal