Bydialekten i Molde skil seg frå bygdemåla med at endinga -å i bestemt form av såkalla svake hokjønnsord manglar. Det heiter ikkje gatå og jakkå, men gata og jakka. I nesten alle bygdemåla er elles endinga -å eit kjenneteikn for dialektane i Møre og Romsdal fylke, noko som skil oss frå naboane på alle kantar. I skriftspråket er det sjølvsagt -a i slike ord.

Mange stadnamn høyrer til denne kategorien, men korleis skal dei då skrivast – med -a eller -å? «Svake hokjønnsord får i bunden form som hovudregel endinga -a», står det i kommentar til forskrifta om skrivemåten av stadnamn. Det verkar rimeleg.

Romsdalingen seier Stortuå, Næbbå, Trållkjerkjå, Tområ, Tautrå, og vi skriv Stortua, Nebba, Trollkyrkja, Tomra, Tautra. Hadde landet vårt blitt verande svensk etter 1660, må vi forresten tru at skrivemåten i desse namna no hadde vore med endinga -an. Men bur du på Kviltorp, seier du nok helst at du vil prøve isen på Katthåla. Det er fordi dette området stort sett er blitt eit bydialektoråde der ein helst ikkje vil vere så bondsk at ein seier Katthålå. Vanleg skrivemåte er Katthola.

Likevel ser vi ein gong iblant at det blir brukt -å i skrift. Eit populært mål for skiturar er fjellet Duå på Nordmøre, og i Nordal på Sunnmøre ligg Fjørå, som vi kan sjå skrive både med -a og -å.

Ute i Julsundet, like ved Kjerringsundet, stikk eit lite skjer opp av sjøen. Ja, det er snakk om det Kjerringsundet der Bernhard og sambygdingane hans har tenkt å byggje bru, slik at det blir enklare å slå saman det som før 1965 var Sør-Aukra og Nord-Aukra kommunar, så mykje at dei kan blidgjere Sanner og Solberg lite grann – ja, berre denne litle kontroversen mellom otrøyingar og gossingar roar seg litt. (Blir nykommunen heitande Nyaukra?) Dette skjeret kallast Kuå. På kart har eg sett både Kua (etter hovudregelen for skrivemåten) og Kuå (etter dialekten). Når folk ikkje har lært namnet gjennom samanhengande munnleg tradisjon, men har sett det står Kua på eit sjøkart, korleis oppfattar dei då namnet? Jau, då oppfattar dei sjølvsagt dette namnet som identisk med husdyret ku, og så seier dei kua med same tonelag som bua (av ei bu) og ikkje med det rette tonelaget, som tua (av ei tue).

Tydinga av namnet har vel neppe noko med ku å gjere. Kanskje har steinen fått namnet fordi han har ei kuv (kuven) form? I målføret vårt fell gjerne v-lyden vekk etter u – vi seier gjerne ein tju, ikkje ein tjuv. Når Molde seilforening sender regattaseglarane sine ut i Julsundet for å runde Kua/Kuå, trur nok sikkert mange av deltakarane at dei rundar ei ku, men så er det kanskje rett og slett berre ein kuven stein dei gjer eit slag rund, før dei hiv opp spinnakeren for å få fart innover att.

Men så har vi eit par namn der dei ofte bruker ein annan skrivemåte. Vi har tre Skorger i Romsdal – i Vestnes, i Nesset og i Rauma. Og kvar av dei stadene kallar vi Skårgå. (Ja, den som ligg ned mot Isfjorden, kallar kanskje dei lokale Skørgå, men det må dei få lov til i indre strøk, der dei har meir sansen for ø-lyden i ord som følk, gølv og liknande, mens folk lenger ut i distriktet nøyer seg med å-lyd.)

Korleis skal vi så skrive Skårgå? Skal vi skrive Skorga etter vanlege skrivereglar? Ja, vi skal det. Men det blir ofte ikkje gjort; ofte blir det skrive Skorgen etter skrivetradisjonen vi hadde for fleire generasjonar sidan, då det ikkje var skilje mellom hankjønnsord og hokjønnsord i skriftmålet. Denne skrivemåten blir brukt i f.eks. Skorgen skule. Men ser vi på eit kart der dei prøver å halde seg til offisiell skrivemåte, ja, så står det Skorga.

Og så er det Gåsså. Gjeld det same der då? Ja visst. Men mange synest det tek seg best ut å skrive Gossen. Budstikka har vel fått negative reaksjonar på skrivemåten Gossa. Og Budstikka står for så vidt fritt til å skrive namna som ho vil, for ho er ikkje underlagt stadnamnlova.

Annleis er det med kommunane, for § 1 i stadnamnlova gjer klart at namna som er fastsett etter lova, skal brukast av stat, fylkeskommune og kommune. Skulle no likevel nokon i kommunane gjere eit feilsteg og komme til å skrive Gossen, risikerer dei ikkje så mykje, for lova seier (heldigvis?) ingenting om fengselsstraff eller andre harde tiltak mot den som bryt ho. (Men lovbrot er det, så tek du ein kommunal tenestemann i å skrive Gossen i teneste, så har du kanskje eit påskot til å rekne han for kriminell!) Faktisk status for desse namna er at Gossa og Skorga i Rauma er vedtekne skrivemåtar etter namnelova. (Det er ikkje gjort vedtak for Skorga i Vestnes.)

Og kva er det folk seier? Jau, dei som har lært namna etter ein samanhengande munnleg tradisjon, seier Gåsså og Skårgå, slik eg har skrive tidlegare. Men bruken av dativ i romsdalsmålet kan føre til misoppfatningar hos somme. Dativ er ein bøyingskategori som for lengst har forsvunne frå skriftspråket, og han held nok på å forsvinne frå talemålet også, men det er mange som enno bruker dativen. Når dativ er i bruk, har vi ei veksling mellom nemneform og dativform i bunden form av substantiv, alt etter måten ordet blir brukt på i setninga (sola/sol’n, klåkkå/klåkken, Gåsså/Gåss’n, osv.).

Bygderomsdalingen som bruker dativ, seier jo «skulinn ligg i Skårgen», «i ska inn i Skårgå», og han kan fortelje at flaksaltet «kjæmm frå Gåss’n», «Gåsså e ei flat øy».

I stadnamn høyrer vi kanskje dativforma oftare enn nemneforma. Den som har vakse opp midt i Molde by, har neppe utvikla språkøyret sitt for denne vekslinga mellom to former, og dermed kan det lett «høyrast» som om bygdefolk kallar stadene Skårgen og Gåss’n, men det er dativformene. Bygderomsdalingen seier jo også at han les overskriftene «i Bustekken», men: «Såg du Bustekkå i går?». Vanleg skrivemåte vil i begge tilfella vere Budstikka.

Når somme gossingar ikkje set pris på skrivemåten Gossa, treng det ikkje berre vere fordi det bryt med skrivemåten som lenge har vore vanleg. Det kan også ver pga. at «det er ikkje det vi seier». Og det har dei jo heilt rett i. Gossingane seier jo Gåsså/Gåss’n etter korleis ordet fell i setninga. Gossa blir ikkje lydleg heilt identisk med noka av formene.

Men kva vi no enn skriv: Gåsså er no Gåsså, lell då.